NORDLEK 2024 i Arendal

No er det snart Noreg sin tur til å arrangere det store folkemusikk- og folkedansstemnet NORDLEK. Det er 12 år mellom kvar gong stemnet er i Noreg, sist gong var stemnet i Steinkjer i 2012. 

På styremøtet i NU 18. juni 2021 vart det bestemt at NORDLEK 2024 vil finne stad i Arendal på Agder med Aust-Agder UL som ansvarleg lokal arrangør. 

I tida framover vil vi setje ned ein hovudkomité samt gjere ulike forprosjekt fram mot stemnet i 2024.

Meir informasjon kjem så snart det er klart.

 

Har du spørsmål? Ta kontakt med folkedansrådgjevar: solveig@remove-this.ungdomslag.remove-this.no / 24 14 11 15.