NORDLEK 2024 i Noreg

No er det snart Noreg sin tur til å arrangere det store folkemusikk- og folkedansstemnet NORDLEK. Det er 12 år mellom kvar gong stemnet er i Noreg, sist gong var stemnet i Steinkjer i 2012. 

NORDLEK 2024 vil finne stad i Agder med Vest-Agder UL og/eller Aust-Agder UL som ansvarleg lokal arrangør. NU har fått søknadar frå både Mandal, Arendal og Kristiansand, og valet på kva by stemnet skal skipast i vil bli teke våren/sommaren 2021, så fort situasjonen kring COVID-19 tillett detaljerte synfaringar i dei tre byane.

Meir informasjon kjem så snart det er klart.

 

Har du spørsmål? Ta kontakt med folkedansrådgjevar: solveig@remove-this.ungdomslag.remove-this.no / 24 14 11 15.