Noregs Ungdomslag er 125 år i 2021

I 2021 feirer Noregs Ungdomslag 125 år som organisasjon. Dette skal feirast på fleire måtar gjennom heile året, både nasjonalt og lokalt, fysisk og digitalt. På denne sida vil vi informere om aktuelle jubileumstiltak. Ta gjerne kontakt med oss om det er noko de lurer på.

Lokale jubileumsarrangement

Som ein del av jubileumsmarkeringa ønskjer vi å oppmode lokallag til å arrangere jubileumsfeiringar. Lokallag kunne søkje om tilskot på mellom 2.000,- og 20.000,- til sitt arrangement innan 1. juni 2021. Arrangementa skal gå føre seg på hausten 2021. Arbeidsutvalet har behandla søknadane og det vart 25 lag som fekk tilsegn. Totalt 261 500,- vart delt ut til laga.

Meir informasjon finn du her.

Heis flagget på skipingsdagen 12. juli

Det er 12. juli som er sjølvaste skipingsdagen til NU. Det ynskjer vi å markere med at så mange ungdomshus som mogleg bidreg i feiringa ved å heise flagget til topps på huset denne dagen.

Del gjerne med oss at de er med på feiringa ved å sende oss bilete eller merke oss i sosiale medier på t.d. Instagram og Facebook med emneknaggane #levandelokalkultur #noregsungdomslag #NU125.

Del dine minner frå ungdomslaget

Eit minne kan vere så mangt. Det kan vere lukta av nykokt kaffi på ungdomshuset, kjensla av sommarfuglar i magen første gongen ein står på ei ungdomslagsscene, sorgen over at ungdomsklubbsesongen er over, eller gleda over å kunne danse i lag med gode vener på stemne. Minne kan vere gode vennar, gode opplevingar og det å bli kjent med nye stader og nye aktivitetar. 

Vi ønskjer å få lese ditt minne frå ungdomslaget og difor har vi oppretta ei minnesamling der alle med eit minne frå ungdomslaget er velkomne til å dele minne, anten det skjedde i går eller for 50 år sidan.

Gå inn på denne sida for å lese meir og for å legge inn ditt minne. 

Jubileumsbok 1996-2021

Sjølvsagt blir det jubileumsbok for å dokumentere alt det som har skjedd i organisasjonen dei siste 25 åra. Det er Jan Kløvstad som skriv boka, slik som den forrige jubileumsboka også.

Boka vil bli mogleg å kjøpe frå hausten 2021.

Rationelt Fjøsstell

"Rationelt Fjøsstell" er ein komedie skriven av Hulda Garborg i 1896, same år som NU vart skipa. På slutten av 1800-talet og starten av 1900-talet var det mange ungdomslag rundt om i landet som sette opp stykket, og fleire teatergrupper vart også skipa nettopp for å sette det opp. "Rationelt Fjøsstell" er nok det stykket som samla sett er oppført flest gonger av NU-lag. 

I samband med jubileet har NU fått forfattar og dramatikar Olaug Nilssen til å skrive ein moderne versjon av manuset. Dette er vi veldig begeistra for! Manuset vil bli ferdig i oktober, og når dette er klart, vil vi oppmode så mange som mogleg av våre lag til å setje opp stykket lokalt. På den måten vil lokallaga kunne ta ei 125 år gammal historie til scenen.

Følg med til hausten for meir informasjon.

NU-dans og tingingsverk

I samband med jubileet har NU fått støtte frå Kulturrådet (Norsk kulturfond) for å få skrive heilt ny musikk av profesjonelle komponistar og musikarar. Vi har inngått avtale med komponistane Jorun Marie Kvernberg og Knut Sævik, samt tekstforfattar Runar Gudnason. Dei har laga heile tre nye låtar med tittelen "Eg ser på deg" som til saman utgjer ein EP. Musikken er nyskapande med tradisjonsmusikk i botn og alle låtane vert tilgjengeleg på strøymetenester hausten 2021.

I tillegg til musikk får vi også laga ein heilt ny dans som alle kan vere med å danse, åleine eller saman. Her har vi fått med oss koreograf, dansar og pedagog Sigurd Johan Heide til å lage den nye dansen. Denne dansen vil vi danse til den nylaga musikken, og vi håpar det er mange i ungdomslaga som vil vere med å danse gjennom 2021 og i åra framover. Vi vil til hausten lage film av dansen slik at alle skal ha moglegheit til å lære seg den, og så håpar vi at vi også får dykk ute i laga til å lage film av dykkar versjon av dansen som vi kan dele med kvarandre mot slutten av året.