Tevlinga 2021

Klar for kunnskapstevlinga Kven veit?

Vert med og bryn deg mot NU sine skarpaste skallar i kunnskapstevlinga Kven veit? I 2021 er tevlingstemaet 125-årsjubileet til Noregs Ungdomslag.

Gjennom tre tevlingsrundar svarar deltakargruppene på allmennkunnskap om til dømes politikk, kultur, sport, underhalding og det som er temaet for tevlinga. 

Deltakarlaga får i god tid før tevlinga startar, tilsendt studiemateriell om temaet for årets tevling. I studiemateriellet vil de få lese artiklar knytte til temaet.  

Kven Veit? er både eit opplegg for studiering og ei kunnskapstevling, og laget kan søkje studiestøtte frå studieforbundet kultur og tradisjon. 

Som vanleg blir det mest allmenne spørsmål om ulike tema og nokre utvalde spørsmål frå temaheftet. Veit du til dømes kva prisar Nordisk Råd gjev ut kvart år? Og kva hovudstaden på Færøyane heiter? Dette er berre noko av det du får svar på i temaheftet alle deltakarane får tilsendt på førehand.

Påmeldingsfrist: 1. februar

MELD PÅ LAG HER!

Endringar i gjennomføringa for tevlinga i 2021

Nytt i 2021 er at det ikkje blir faste tevlingsveker, men laga får ein frist for å sende inn svara (helst på e-post ). Dei tre innsendingsfristane har same intervall som tidlegare tevlingsveker, så for dei laga som vil ha tevlinga på «gamalmåten» er det mogleg. Andre lag som vil unngå t.d. vinterferie har no større fridom til å legge opp tevlingskveldane sine. 

Kravet om å sende inn alle svarslippar fell bort, og det skal berre bli levert svarskjemaet som laga har skrive svara på.  Dette for å gjere det enklare å sende inn resultatet elektronisk. Det vil altså no berre bli delt ut eit skjema til laga som dei skriv svara på, og ikkje svarslippar til kvart kategori. Dette for å lette arbeidet til tevlingsleiaren, men òg med tanke på smittevernsreglane som truleg framleis kjem til å gjelde vidare.

 

15. mars                  Innleveringsfrist 1. tevlingsrunde

5.  april                    Innleveringsfrist 2. tevlingsrunde

3. mai                      Innleveringsfrist 3. tevlingsrunde

*datoane vart endra 4. januar

Spørsmåla til dei ulike rundane vert sendt ut: 8. februar, 16. mars og 8. april. 

Deltakaravgift

Deltakaravgifta i senior-klassen er på 450 kroner for kvar gruppe. I tillegg kjem ei avgift på 65 kroner per studiehefte for dei som vil ha det på papir. Om eit lag stiller med mange grupper får ein rabatt. Deltakaravgifta frå og med fjerde gruppe er på 300 kroner.