Rettleiing: Kven veit? og smittevern

Når ivrige kunnskapstevlarar samlast er det lett å bøye seg litt for langt fram og kanskje gripe etter same pennen. Det er difor viktig at den lokale tevlingsleiaren tek på seg smittevernshatten, finn fram metermålet, byter blomevasar ut med handspriten på bodet og legg til rette for ein trygg og smittefri tevlingskveld.

Før tevling:

  • Sjå til at lokalet de skal vere er egna til at alle kan ha minst ein meter avstand til kvarandre.
  • Ingen felles rigging av bord og stolar. Dette må ordnast på førehand og ikkje i fellesskap. 
  • Vask over bord og stolar før og etter tevlingskvelden (om de ikkje er i eit lokale td. ein kafé der dette blir gjort for dykk)
  • Sørg for at du fører liste over kven som er til stades med kontaktinformasjon. Dette er til hjelp med ei eventuelt smittesporing.
     

Info til deltakarane på førehand

Gi tydleg melding til deltakarane om at tevlingskvelden skal gjennomførast etter smittevernsreglane:

  • Dei som er sjuke må halde seg heime. Er de berre eit lag i lokalet kan desse eventuelt bli med digitalt på skjerm.
  • God handhygiene. Vask hendene før de set dykk ned rundt tevlingsbordet. Ha gjerne handsprit tilgjengeleg.
  • Alle som ikkje er frå same husstand skal halde minst ein meter avstand. (Dette gjeld sjølv i dei ivrigaste diskusjonane.)
  • Ta med eigen penn, og del ikkje på anna naudsynt tevlingsutstyr som kaffikanner. Vel gjerne ein skjenkemeister som handterer kaffikanna og fyller på kaffikoppane.
  • Ha ikkje felles godbitar på bordet der alle forsyner seg av same skåla. Skal det vere felles matservering skal ein som er ekstra rein på hendene dele ut porsjonar til dei andre. Det aller enklaste er å ikkje ha felles matservering, og unngå så kom ikkje med lågt blodsukker til tevlingskvelden.