Tevlinga 2022

Klar for kunnskapstevlinga Kven veit?

Vert med og bryn deg mot NU sine skarpaste skallar i kunnskapstevlinga Kven veit? I 2022 er tevlingstemaet Frivilligheit, i samband med Frivillighetens år 2022.
Gjennom tre tevlingsrundar svarar deltakargruppene på allmennkunnskap om til dømes politikk, kultur, sport, underhalding og det som er temaet for tevlinga. 

Deltakarlaga får i god tid før tevlinga startar, tilsendt studiemateriell om temaet for årets tevling. I studiemateriellet vil de få lese artiklar knytt til temaet.  

Kven Veit? er både eit opplegg for studiering og ei kunnskapstevling, og laget kan søkje studiestøtte frå Studieforbundet kultur og tradisjon

 

Framdriftsplan

17. januar - påmeldingsfrist
28. januar - temahefte og spørsmål til runde 1 sendast ut
23. februar - innleveringsfrist 1. tevlingsrunde
25. februar - spørsmål til runde 2 sendast ut
11. mars - resultat frå 1. runde publiserast
16. mars - innleveringsfrist 2. tevlingsrunde
18. mars - spørsmål til runde 3 sendast ut
1. april - resultat frå 2. runde publiserast
8. april - innleveringsfrist 3. tevlingsrunde
23. april - kåring av vinnarar på landsmøtet i Oslo. Vinnarane får diplom og pengepremie.

Deltakaravgift

Deltakaravgifta i senior-klassen er på 450 kroner for kvar gruppe. I tillegg kjem ei avgift på 65 kroner per studiehefte for dei som vil ha det på papir. Om eit lag stiller med mange grupper får ein rabatt. Deltakaravgifta frå og med fjerde gruppe er på 300 kroner. 

Påmeldingsfristen er 17. januar 2022.Påmelding skjer ved å fylle ut dette skjema.

Har du spørsmål om Kven Veit? Ta kontakt med Christoffer Knagenhjelm.