Komande kurs i NU

Her legg vi ut informasjon om dei komande kursa vi arrangerer i NU

Mangfold på dansescena

Norsk senter for folkemusikk og folkedans, FolkOrg og Noregs Ungdomslag har satt sammen et spennende panel og inviterer til en prat om mangfold på dansescena. Sff har i 20 år skapt ulike lokale danseforestillinger med Bygda dansar i totalt 11 fylker hittil, og dokumentert og studert andre folkedansforestillinger som er blitt produsert i Norge. I samtale med panelet kommer vi inn på det å være en allsidig danser men likevel ha lokal tilhørighet til sine tradisjoner. Hvordan kommer dette skjæringspunktet til uttrykk koreografisk gjennom folkedansen på scena? Kan det bli for mye fokus på lokale danser? For mye valdresspringar, nordlandspols og halling?

Tid: Torsdag 25. november 2021 kl. 11:00-11:45
Stad: Riksscenen i Oslo
Pris: Gratis

Komande kurs i 2022

Velkomen til instruktørkurs med fokus på runddansrytmar 15.-16. januar 2022 i Skjetten

Påmeldingsfrist måndag 3. januar innan kl. 23:59via skjema på denne sida.

I samarbeid med Eidsiva fylkeslag, Bygdelagssamskipnaden og SAFFA skipar Noregs Ungdomslag til eit nasjonalt instruktørkurs med fokus på runddansrytmar i Skjetten helga 15.-16. januar 2022.

Instruktørkurset går over ca. 12 timar laurdag og sundag og skjer parallelt med SAFFA-kurset. Meir om SAFFA sitt kurstilbod kan du lese her: www.saffa.no.

Om kurset:

Runddans er ein sentral dansefamilie innanfor norske dansetradisjonar og på dette kurset går me inn på rytmane innanfor dei fire runddansane vals, masurka, polka og masurka. Her vil me gå inn på lokale runddansvariantar der det er naturleg og runddansrytmer sett i samanheng med bygdedans, songdans, turdans og songleikar.

På kurset går me inn på rytmane innanfor dei fire runddansane, vals, reinlender, polka og masurka. Kurset fokuserer på ulike variantar og ulik tilnærming til runddansane, både lokale runddansvariantar, og runddansvariantar knytta til bygdedans, songdans, turdans og songleikar. Dersom instruktøren ynskjer det så kan ein også ta i bruk arkivfilm for å djupdykka inn i tradisjonen.


Om instruktøren:
Instruktør på kurset er Siri Mæland. Siri Mæland er folkedansar, pedagog og seniorforskar som brenn for folkedansformidlinga både på lokalt, nasjonalt og internasjonalt plan. Ho har i 20 år jobba ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff), var studieansvarleg og ein av hovudlærarane for pionerarbeidet med utøvarstudium i folkedans (2009-2012), jobba som folkedanslærar på folkedansstudia/dansevitskap ved NTNU og er i dag fagleg ansvarleg i ungdoms- og talentutviklingsprosjektet Bygda dansar. Ho har rik kunnskap om folkedanstradisjonane i Noreg i notid og fortid gjennom fordjupingsarbeid i det rikhaldige dansearkivet ved Sff både som dansar og forskar. Siri lærte å danse av mora si og aktivitetane i ungdomslaga på Jæren. Ho har gått instruktørkurs i NU A,B og C-kurs då ho var aktiv i BUL Bergen i studietida for å bli allmennlærar med musikk. Det var instruktørkursa som vart vegen inn til folkedansstudier, mastergrad og til slutt doktorgard. Siri er i dag 2. vara i NU-styret, i tillegg til internasjonale forskningsverv.

Siri gler seg til å djupdykka i runddanstradisjonen saman med kursdeltakarane.

Kven som skal vere musikar på kurset vert offentleggjort så snart det er på plass.

 

Målgruppe: 
Kurset er i hovudsak for vidarekomne dansarar og for deg som har dansa ein del eller mykje og vil bli eller allereie er instruktør.

Kurstider:
Laurdag 09:00-17:00
Sundag 10:00-15:00

(Med atterhald om endringar).


Kurslokale: 
Quality Hotel Olavsgaard, Hvamstubben 11, 2013 Skjetten.

Prisar:
Kurspris inkl. dagpakke og lunsj begge dagar: 900,-
Tilleggspris for ikkje-medlemmer i NU: 500,-
Middag laurdag kl. 18 (lasagne): 225,-
Enkeltrom lar-sun: 995,-
Dobbeltrom lar-sun: 598,- (per pers)
3-mannsrom lar-sun: 465,- (per pers)
Enkeltrom fre-sun: 1990,-
Dobbeltrom fre-sun: 1195,- (per pers)
3-mannsrom fre-sun: 930,- (per pers)


Lunsj og dagpakke (kaffi/snacks) begge dagar er inkludert i kursprisen.

OBS: Dersom du ynskjer å bli medlem i NU kan du ta direkte kontakt på solveig@ungdomslag.no før du fullfører påmeldinga.

Påmelding:
Påmelding til instruktørkurset skjer via deltager.no. Kurset har eit begrensa tal plassar så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga. Siste frist er måndag 3. januar kl. 23:59.

MERK: Eventuell avlysing må skje innan ordinær påmeldingsfrist. Deltakaravgift for ev. avlysing etter fristen vert ikkje refundert.

 

Spørsmål ang. kurset kan rettast til solveig@ungdomslag.no.

Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.

I samarbeid med Norsk Amatørteaterforbund, Frilynt Norge og Studieforbundet kultur og tradisjon arrangerer vi kursrekkja Scenerom. Kursrekkja består av fire modular og ein kan sjølv velje om ein vil delta på ein eller fleire kurshelger. Alle kurshelgene vil ha fokus på praktisk retta arbeid der deltakarane får prøve seg i instruksjon, regi og produksjon av manus i arbeid med skodespelarar. 

Målgruppe: Scenerom er for deg som ønskjer å lære meir om regi og/eller produksjon av teaterframsyningar.
Instruktør: Heljar Berge vil vere hovudinstruktør på alle samlingane. I tillegg får han med seg andre profesjonelle instruktørar på kvar modul. 
Lokale: Frilynt Norge sine lokale i Sandefjord. I tillegg vil noko arbeid bli lagt til andre stader i Sandefjordsområdet. 
Pris: Ei kurshelg: 1700,- To kurshelger: 3400,- Fire kurshelger: 6800,-
Påmeldinghttps://www.checkin.no/event/32391/scenerom


Les meir om kursrekkja her: http://frilynt.no/scenerom

I samarbeid med Norsk Amatørteaterforbund, Frilynt Norge og Studieforbundet kultur og tradisjon arrangerer vi kursrekkja Scenerom. Kursrekkja består av fire modular og ein kan sjølv velje om ein vil delta på ein eller fleire kurshelger. Alle kurshelgene vil ha fokus på praktisk retta arbeid der deltakarane får prøve seg i instruksjon, regi og produksjon av manus i arbeid med skodespelarar. 

Målgruppe: Scenerom er for deg som ønskjer å lære meir om regi og/eller produksjon av teaterframsyningar.
Instruktør: Heljar Berge vil vere hovudinstruktør på alle samlingane. I tillegg får han med seg andre profesjonelle instruktørar på kvar modul. 
Lokale: Frilynt Norge sine lokale i Sandefjord. I tillegg vil noko arbeid bli lagt til andre stader i Sandefjordsområdet. 
Pris: Ei kurshelg: 1700,- To kurshelger: 3400,- Fire kurshelger: 6800,-
Påmeldinghttps://www.checkin.no/event/32391/scenerom


Les meir om kursrekkja her: http://frilynt.no/scenerom

13.-15. mai 2022 arrangerer vi instruktørkurs i dans på Riksscenen i Oslo. Meir info om sjølve kurset kjem etter kvart. 

Kurset skjer i samband med at Bygda dansar har 20-års jubileum med ei stor dansehelg i hovudstaden i samarbeid med Norsk senter for folkemusikk og folkedans og FolkOrg.
 

VELKOMMEN TIL BYGDA DANSARS JUBILEUMSHELG

Bygda dansar er 20 år, og dette vil vi feire med ei storslagen dansehelg på Riksscenen i Oslo. Vi inviterer alle danseentusiaster til ei helg fullspekka med dans og musikk. Vi legg opp til både seminarer, dansekurs og verdens beste dansefest. Dette skjer på Riksscenen denne helga:

  • Stor dansefest med Bygda dansar Allstars-band (laurdag)
  • Kurs, seminar og paneldebattar som set lys på dansefagleg og scenisk arbeid i Bygda dansar
  • Bygda dansars jubileumsutstilling
  • Utdeling av Folkemusikk- og folkedansprisen og Fagpublikasjonsprisen (fredag)
  • Instruktørkurs i regi av Noregs Ungdomslag
  • Dommarseminar i regi av FolkOrg
  • Bladslepp av Bladet Folkemusikk
  • Konsert med Hoven Droven 30 år (fredag)
  • LilleRiksen (sundag)
  • Korte dansekurs i kule tradisjonar du ikkje kunne frå før eller som du kanskje har gløymt
  • Representantskapsmøtet til Sff (fredag)

Informasjon om påmelding og billettar kjem snart.

 

Kva er Bygda dansar?

Bygda dansar er eit nasjonalt danseprosjekt hovudsakleg retta mot ungdom frå 15 til 19 år. Hovudfokus i prosjektet er formidling og vidareføring av norsk folkedans, samt omarbeiding og tilrettelegging av folkedans for scene. Det er utvikla og bygd opp av Stiftinga for folkemusikk og folkedans, og vert i dag drive av stiftinga sitt eige senter, Norsk senter for folkemusikk og folkedans.

Bygda dansar jubileum arrangerast i samarbeid mellom Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Noregs Ungdomslag, FolkOrg og Riksscenen. 

Tidlegare gjennomførte kurs i NU

Her kan du sjå kva kurs vi har hatt i NU dei siste åra.

2020

  • 31. januar-2. februar - Grunnleggane instruktørkurs m/ Anbjørg Myhra Bergwitz og Audun Grüner-Hegge (Stavanger)
  • 18.-19. januar - Fordjuping i pardans m/ Vegar Vårdal (Skjetten)

2019

  • 30. november-1. desember - Grunnleggande instruktørkurs m/ Trine Sjølyst (Bergen)
  • 26.-27. oktober - Grunnleggande instruktørkurs m/ Anette Figenschou (Lakselv)
  • 26.-28. april - Barneinstruktørkurs m/ Trine Sjølyst (Oslo)
  • 15.-17. mars - Fordjuping i folkeleg pardans del 2 m/ Vegar Vårdal (Oslo)
  • 8.-10. mars - Instruktørkurs i Suldalsspringar m/ Vegar Vårdal (Stavanger)
  • 8.-10. februar - Fordjuping i folkeleg pardans del 1 m/ Vegar Vårdal (Oslo)
  • 12.-13. januar - Instruktørkurs i revy (Tennevoll)

2018

  • 24.-25. november - Instruktørkurs med Folkepedia m/ Halldis Folkedal (Tyssedal)
  • 13.-14. oktober - Barne- og ungdomsteater m/ Tobias Avlund Heiberg (Kvinesdal)
  • 27.-29. april - Samdansteknikk m/ Vegar Vårdal (Oslo)
  • 12.-14. januar - Fordjuping i turdans m/ Tor Stallvik (Skjetten)