Hopp til hovedinnhold
  • Arrangement

Kulturhuskonferansen 2023

Meir kunnskap, inspirasjon og ideutveksling står på programmet når Noregs Ungdomslag og Huset i Bygda inviterer til kulturhuskonferanse 20.-21. oktober.

Arrangementsbilde kulturhuskonferansenArrangementsbilde kulturhuskonferansen

Noreg er kjenneteikna av det sterke organisasjonslivet og dei mange kulturbygga reist av lag og organisasjonar. Dette er hus som har spelt og som speler ein betydeleg rolle i utviklinga av det norske samfunnslivet. Desse husa er framleis viktige som arena for frivillig kulturarbeid og utøving av dans, teater, bunadsarbeid, og anna kulturarbeid. Det er viktig å ivareta desse husa og utvikle dei vidare. Mange av husa er midtpunkt i grender og bygdelag og fungerer som motvekt til sentralisering. Dei bidreg òg til auka bulyst i distrikta.

Fredag er tema for konferansen generelle rammevilkår og meir kunnskap om dei organisasjonseigde kulturbygga. Vi skal òg snakke om manglande forståing på tvers av sektorar som medverkar til å skape kunstige barrierar for at organisasjonseigde kulturhus kan utvikle seg i takt med tida. Konferansen er fredag retta mot det politiske og administrativt nivå i kommunar, fylkeskommunar og nasjonale organisasjonar.

Laurdag rettar konferansen seg meir mot huseigarar og frivillige lag. Tema då vert korleis skape lokalt engasjement, skrive gode søknadar, støtteordningar, offentlege krav til drift av husa og korleis kan huseigarar legge til rette for at alle kan nytte husa uavhengig av funksjonsnedsetting. Kløvheim Ungdomslag, som i 2023 vart kåra til årets Ungdomslag vil òg fortelje om sine lagsaktivitetar i eit inspirasjonsføredrag.

Arrangør: Noregs Ungdomslag og Huset i Bygda.

Konferansen er støtta økonomisk av Vestland Fylkeskommune.

Nytting informasjon

Stad: Liland Ungdomshus, Lilandsvegen 70, 5258 Blomsterdalen

Prisar:

  • Fredag, inkl. lunsj – kr 300,00
  • Fredag, inkl. lunsj og middag – kr 650,00
  • Fredag og laurdag, inkl. overnatting og middag – kr. 1950,00
  • Fredag og laurdag, eks. Overnatting og middag – kr. 550,00
  • Laurdag, inkl. lunsj – kr. 300

Påmelding: Innan 6. oktober. Påmeldingsskjema finn du her.

Fullstendig program finn du her.

Fleire aktualitetar

Sjå alle