Hopp til hovedinnhold
Nyttig for laga

Søk momskompensasjon no

Har laget driftskostnadar? Då kan du no søke om momskompensasjon.

Alle lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag kan sende søknad om momskompensasjon. Dette er støtte til frivillige organisasjonar som har hatt meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

Dans under bunadsfest i Teatersalen. Spelekvinne sit rett ved.Dans under bunadsfest i Teatersalen. Spelekvinne sit rett ved.

Det er viktig at laga får refundert så mykje som mogleg. Styret i Noregs Ungdomslag har difor gjort vedtak om at vi frå og med 2023 går over frå forenkla modell til dokumentert modell. I forenkla modell fekk laga kompensert 8% prosent av dei samla utgiftene ein hadde. I dokumentert modell får laget kompensert alle momsutgiftene.

Det tek litt tid å fylle ut søknaden og vi er klare over at det blir ein del meirarbeid i søknadsprosessen, men dei fleste av våre lag vil få utbetalt ein høgare sum etter denne modellen. Søknaden for 2023 var det fyrste året Noregs Ungdomslag hadde søknad med dokumentert modell. Skifte resulterte då i over 7 millionar i momskompensasjon til våre lokallag, kontra nesten 4 millionar då vi søkte med forenkla modell.

Søknadsfrist: 15. juli 2024

Les meir om momskompensasjonssøknaden her.

Nettmøte om momskompensasjon

Den 5. juni kl. 19:00 held vi eit nettmøte om momskompensasjon. Her vil vi gå igjennom korleis du søkjer momskompensasjon. Det vil og vere tid til spørsmål om det skulle vere noko de lurar på.

Les meir om nettmøte her.

Fleire aktualitetar

Sjå alle