Norsk Barneblad
Norsk Barneblad
Norsk Barneblad er eit blad for deg som er frå 8 år og oppover. Alle NU-medlemmar under 14 år får Norsk Barneblad tilsendt i posten.
Bladet kjem ut fire gongar i året - men ikkje i sommarferien, og til kvar jul kjem JULETRE, som er eit eige julenummer, gratis tilsendt i posten.
I kvart nummer kan du lese
- norske teikneseriar som Hanna, Smørbukk, Skulen og Annika
- aktuelle reportasjar og artiklar
- forteljingar
- hobbystoff og ting du kan lage sjølv
- musikkstoff
- kryssord og vitsar
- eiga diskusjonspalte for lesarane, Ordskifte
- fakta og dyrestoff
- quiz
- du kan sende inn dine eigne forteljing, vitsar, hobbytips og få det på trykk