NORDLEK 2024 i Arendal

No er det snart Noreg sin tur til å arrangere det store folkemusikk- og folkedansstemnet NORDLEK. Det er 12 år mellom kvar gong stemnet er i Noreg, sist gong var i Steinkjer i 2012. 

På styremøtet i NU 18. juni 2021 vart det bestemt at NORDLEK 2024 skal vere i Arendal i Agder med Aust-Agder UL som ansvarleg lokal arrangør. 

I tida framover vil vi sette ned ein hovudkomité samt gjere ulike forprosjekt fram mot stemnet i 2024.

Meir informasjon kjem så snart det er klart.

Stemnet har òg ei eiga nettside. 
Sjå https://www.nordlek2024.no/

Har du spørsmål? Ta kontakt med folkedansrådgivar Rita Sirirud Vatnehol: rita@ungdomslag.no.