Jentebølgen frå Skodje Frilynde Ungdomslag vann Kven veit. Dei trur variert alder i vinnarlaget hjalp dei til toppen!

– Vi er kjempeglade og stolte over å gå til topps, og reknar med at det blir rift om plassane til neste år, fortel vinnarlaget Jentebølgen i Skodje frilynde ungdomslag etter sigeren i Kven Veit. 

Det er Bente Nybøen, Kari Grindvik, Bodil Grindvik Uri og Ane Olivia Uri som er med på Jentebølgen, og laget har eit aldersspenn frå rundt 25 år til over 60. Dei trur noko av gullformelen som har ført dei til topps i år, er nettopp variasjonen i alder.

– Det er viktig for å dekke dei ulike temaa vi får spørsmål om. Vi har også jamlege kvisskveldar for bygda, og to av oss på laget deler på å vere kvissmeister. Det gir også nyttig kunnskap, fortel dei.

Intern konkurranse mellom karane og jentene

Skodje frilynde ungdomslag har delteke i Kven veit i mange år, med eit karalag og eit jentelag. Den største suksessen frå før, er ein tredjeplass.

Gjengen frå Skodje fortel at det er den interne konkurransen mellom karalaget og jentelaget som driv dei. Statistikken viser at jentene har gjort det best alle åra, med unntak av 2021.

– Og eit svært godt utvikla konkurranseinstinkt hos karane vil føre til auka trykk frå karane i neste runde, spår dei.

Skal feire når diplomen er på plass

Vinnarane av årets Kven veit planlegg å feire resultatet når vinnar-diplomet er på plass. Den skal opp på veggen på Fagerheim, ungdomshuset som har vore der sidan 1927.

Huset har dei tatt godt vare på. I 2005 fekk Skodje UL "Godt vern-pris" for restaureringa dei utførde på ungdomshuset i perioden 2003-2005.

Vi gratulerer Jentebølgen i Skodje frilynde ungdomslag med imponerande sluttspurt og siger i Kven Veit 2022!

Heile resultatlista finn du her

 

Spennande sisterunde i årets Kven veit

I fjor tok Teaterlaget i BUL topp-plasseringa i spørjetevlinga Kven veit, med Hugnad og Ervingen hakk i hæl. I år såg det lenge ut til at nok eit BUL Oslo-lag, nemleg Songlaget Litle fuglen, skulle gå av med sigeren. 

Men frå Sunnmøre kom det nemleg eit lag sigande, som markerte seg sterkare og sterkare for kvar runde. Frå ein litt forsiktig start med 18 poeng, auka laget til 26 i andre runde, og avslutta med kruttsterke 29 poeng i sisterunden! Jentebølgen vann faktisk tevlinga med 3 poeng ned til neste lag, noko som er uvanleg mykje om ein ser på resultata dei siste åra.

Til slutt ramla Songlaget Litle fuglen heilt ut av pallplassen, og enda på fjerde plass, mens Hugnad UL i år som i fjor tok ein sterk andreplass, og Hordalaget i Oslo kapra tredjeplassen.

Frivilligheit var tema

Tema for Kven veit i år, var Frivillighetens år 2022. Vi ønskte å feire og synleggjere det frivillige. For kva hadde Noreg vore utan alle dykk som medverkar i lag og organisasjonar, som Noregs Ungdomslag, for å skape gode kulturaktivitetar i store og små lokalsamfunn i Noreg?

Christoffer Knagenhjelm har vore ansvarleg for spørsmål og gjennomføring av Kven veit i år, og takkar Jan Kløvstad for at han tok på seg å skrive temaheftet.

¬- Dernest vil eg takke alle deltakarane, om eg kunne, ville eg takke kvar og ein! Å medverke til Kven veit? er aldri kjedeleg, seier han. 

Noko i spørjekonkurransen er fast kvart år, som at kvar tevlingsrunde skal ha 30 spørsmål henta frå 10 tema, der to av temaa alltid er frå årets temahefte. For å gjere det (litt) enklare, må deltakarane berre lese om lag 1/3 av temaheftet til kvar , fortel Knagenhjelm. 

Stort engasjement

Ei av dei store utfordringane for tevlingsleiaren denne gongen, har vore å finne kva spørsmål vi skal stille, og å få formulert spørsmåla på best mogleg måte. Og ikkje minst; korleis blir spørsmåla mottekne av deltakarane.

– Tema og ikkje minst formuleringa av spørsmåla har bidrege til stort engasjement blant deltakarane i år, fortel Knagenhjelm. 

Her kan du sjå resultatlista frå dei tre rundane