Kven Veit? 2023

Klar for kunnskapstevlinga Kven veit?

Bli med og bryn deg mot NU sine skarpaste skallar i kunnskapstevlinga Kven veit?

I 2023 er det det store verdsrommet som er tema, og no er det opent for påmelding.

Gjennom tre tevlingsrundar, skal deltakarlaga svare både på spørsmål om verdsrommet og om allmennkunnskap som til dømes politikk, kultur, sport og underhaldning. 

I god tid før tevlinga startar, får deltakarlaga tilsendt eit temahefte om verdsrommet, anten i pdf-format eller i papirformat.

Praktisk info:
I denne runden som dei siste åra, er det open aldersgruppe, og ikkje delt opp i junior og senior-lag.
Deltakaravgifta er kr 450 for kvar gruppe. Vi gir rabatt til lag med mange grupper. Frå og med fjerde gruppe, er deltakaravgifta på 300 kroner.

Studieheftet kan sendast digitalt eller fysisk. Om deltakarane ønsker å få heftet i papirversjon, kostar det kr 80 per hefte. Digital versjon er gratis, og vert sendt som pdf-fil.

Trykk her for å gå til påmeldingsskjemaet 


Datoar:
Påmeldingsfristen er søndag 15. januar. Måndag 16. januar går temaheftet/studieheftet i trykken, og før det treng vi å vite kor mange hefte vi skal trykke.

23. januar: Første spørsmålsrunde blir sendt ut til deltakaralaga.

10. februar: Fristen for å sende inn svar frå første tevlingsrunde.
13. februar: Andre spørsmålsrunde blir sendt ut.
28. februar: Publisering av resultata frå runde ein.

17. mars: Innleveringsfrist andre tevlingsrunde.
20. mars: Tredje spørsmålsrunde blir sendt ut.
29. mars Publisering av resultata frå runde to.
    
19. april: Innleveringsfrist tredje runde
29. april: Kåring av vinnar på landsmøte. Vinnarane får tilsendt diplom, og utbetalt premiar

Dette er ei førebels oversikt. Det kan komme små endringar, da vil sida bli oppdatert.

Kven Veit? er både eit opplegg for å studering og ei kunnskapstevling, og laget kan søke studiestøtte frå Studieforbundet kultur og tradisjon

 

 

Her kan du sjå resultatlista frå dei tre rundane i 2022