Komande kurs i NU

Her legg vi ut informasjon om dei komande kursa vi arrangerer i NU

I samarbeid med Norsk Amatørteaterforbund, Frilynt Norge og Studieforbundet kultur og tradisjon arrangerer vi kursrekkja Scenerom. Kursrekkja består av fire modular og ein kan sjølv velje om ein vil delta på ein eller fleire kurshelger. Alle kurshelgene vil ha fokus på praktisk retta arbeid der deltakarane får prøve seg i instruksjon, regi og produksjon av manus i arbeid med skodespelarar. 

Målgruppe: Scenerom er for deg som ønskjer å lære meir om regi og/eller produksjon av teaterframsyningar.
Instruktør: Heljar Berge vil vere hovudinstruktør på alle samlingane. I tillegg får han med seg andre profesjonelle instruktørar på kvar modul. 
Lokale: Frilynt Norge sine lokale i Sandefjord. I tillegg vil noko arbeid bli lagt til andre stader i Sandefjordsområdet. 
Pris: Ei kurshelg: 1700,- To kurshelger: 3400,- Fire kurshelger: 6800,-
Påmeldinghttps://www.checkin.no/event/32391/scenerom


Les meir om kursrekkja her: http://frilynt.no/scenerom

I samband med den store jubileumsfeiringa av Bygda Dansar 20 år, inviterer Noregs Ungdomslag til instruktørkurs med ungdomsfokus på Riksscenen i Oslo 14.-15. mai.Det blir stor dansefest laurdag kveld og mykje som skjer på husetheile helga i regi av Norsk senter for folkemusikk og folkedans. I tillegg har også FolkOrg dommarseminar parallelt med vårt kurs.


Meld deg på kurset her, innan fristen 29. april!

 

Om Bygda Dansar-jubileumshelga:

Her kan du lese meir om jubileumshelga i regi av Norsk senter for folkemusikk og folkedans. 

Ynskjer du å delta på dansefest laurdagskvelden kjøper du eigen billett til dette via denne lenka.


Om kurset:

Dette instruktørkurset er eit kurs der vi vil fokusere på instruksjon av ungdomar. Vi ynskjer å knytte tematikken opp mot Bygda Dansar-jubileet og ser det som naturleg å hente inn ressursar og erfaringar frå korleis ein mellom anna har jobba med ungdom og folkedans gjennom mange år i dette prosjektet. Korleis kan ein på ulike måtar instruere ungdom i folkedans i dag? Og korleis bygger vi gode miljø og grupper for ungdom i byen og på bygda? Kva utfordringar og fordelar finst med denne målgruppa? Kva metodar og teknikkar kan vi ta i bruk for å formidle og lære bort folkedans til dagens ungdom?

Vi vil også delta på seminaret "Folkedanspedagogikk og talentutvikling - BD-modellen" laurdag kl. 11. Dette seminaret (og fleire) er åpne for alle.


Om instruktørane:
Vi er så heldige å ha med oss to instruktørar denne helga. Inga Myhr vil vera til stades heile laurdag og Torill Steinjord har heile sundagen. I tillegg møter vi Torill på seminar om Bygda Dansar-pedagogikken laurdagen. Både Torill og Inga har lang fartstid som dansarar og pedagogar. Dei er to av fire folkedansarar med bachelor i utøvande folkedans frå NTNU. Dei har begge vore sentrale i fleire av Bygda Dansar-prosjekta dei siste åra, som instruktørar/pedagogar og som prosjektmedarbeidarar i ulike fylke. Dei har instruert mykje for ulike aldersgrupper, og har eit særleg engasjement for ungdom i folkedansen.

Kristoffer Kleiveland vil spele for oss heile helga.

Meir info om desse tre kjem.


Målgruppe: 
Kurset er for deg somer folkedansar og som er eller som ynskjer å bli instruktør, med særleg fokus på målgruppa ungdom. Du treng ikkje vera ungdom sjølv for å delta, men tematikken for kurset vil rette seg inn mot det å instruere for ei ungdomsgruppe eller ungdom som enkeltpersonar.


Program:
Forestilling fredag kl. 20:00: "Det er nå runnom som er dansen da" med Sigrid Stubsveen og Inga Myhr i regi av Riksscenen (eigen billett kjøpast her).

Fredag kl. 21:30: Dansefest med Rolf Roys i regi av Riksscenen (eigen billett kjøpast her).

Kurs laurdag: Ca. kl. 09:00-17:00 (endringar kan kome)

Dansefest laurdag: Kl. 19:00 på Riksscenen i regi av Bygda dansar/Sff (eigen billett kjøpast her).

Kurs sundag: Ca. kl. 09:30-15:00 (endringar kan kome)

(Med atterhald om endringar).
 

Kurslokale: 
Klubbscenen (kjellaren) på Riksscenen i Oslo
Schous-kvartalet
Trondheimsveien 2, 0506 Oslo

Prisar:

Kurspris inkl. lunsj begge dagar: 400,-
Tilleggspris for ikkje-medlemmer i NU: 500,-

Billett for forestilling og dansefest fredag og/eller dansefest laurdag kjem i tillegg og er noko alle må kjøpe sjølv via Riksscenens billettsystem.
Forestilling fredag kjøper du her.
Dansefest fredag kjøper du her.
Dansefest laurdag kjøper du her.
 

OBS: Dersom du ynskjer å bli medlem i NU kan du ta direkte kontakt på solveig@remove-this.ungdomslag.remove-this.no før du fullfører påmeldinga.

 

Overnatting:

Alle deltakarar bestiller og betaler for overnatting sjølv. Vi anbefaler å bestille overnatting på Anker Hotell som ligg rett ved Riksscenen. Ved å oppgje rabattkoden "JUBHELG" får de 15% rabatt på rom denne helga:

Bestilling gjerast ved å kontakte Anker Hotell direkte eller via nettsida: www.anker-hotel.no.

 

Kurset skjer i samband med at Bygda dansar har 20-års jubileum med ei stor dansehelg i hovudstaden i samarbeid med Norsk senter for folkemusikk og folkedans og FolkOrg. Det betyr at det er masse anna kjekt som skjer denne helga på same plass som instruktørkurset. Vi anbefalar alle som er danseinteresserte i å sjekke ut programmet og ta turen til Oslo denne helga for ei etterlengta dansehelg.

 

---

 

VELKOMMEN TIL BYGDA DANSARS JUBILEUMSHELG

Bygda dansar er 20 år, og dette vil vi feire med ei storslagen dansehelg på Riksscenen i Oslo. Vi inviterer alle danseentusiaster til ei helg fullspekka med dans og musikk. Vi legg opp til både seminarer, dansekurs og verdens beste dansefest. Dette skjer på Riksscenen denne helga:

  • Stor dansefest med Bygda dansar Allstars-band (laurdag)
  • Kurs, seminar og paneldebattar som set lys på dansefagleg og scenisk arbeid i Bygda dansar
  • Bygda dansars jubileumsutstilling
  • Utdeling av Folkemusikk- og folkedansprisen og Fagpublikasjonsprisen (fredag)
  • Instruktørkurs i regi av Noregs Ungdomslag
  • Dommarseminar i regi av FolkOrg
  • Bladslepp av Bladet Folkemusikk
  • Konsert med Hoven Droven 30 år (fredag)
  • LilleRiksen (sundag)
  • Korte dansekurs i kule tradisjonar du ikkje kunne frå før eller som du kanskje har gløymt
  • Representantskapsmøtet til Sff (fredag)

Informasjon om påmelding og billettar til jubileet finn du her.

 

Kva er Bygda dansar?

Bygda dansar er eit nasjonalt danseprosjekt hovudsakleg retta mot ungdom frå 15 til 19 år. Hovudfokus i prosjektet er formidling og vidareføring av norsk folkedans, samt omarbeiding og tilrettelegging av folkedans for scene. Det er utvikla og bygd opp av Stiftinga for folkemusikk og folkedans, og vert i dag drive av stiftinga sitt eige senter, Norsk senter for folkemusikk og folkedans.

Bygda dansar jubileum arrangerast i samarbeid mellom Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Noregs Ungdomslag, FolkOrg og Riksscenen. 

Tidlegare gjennomførte kurs i NU

Her kan du sjå kva kurs vi har hatt i NU dei siste åra.

2020

  • 31. januar-2. februar - Grunnleggane instruktørkurs m/ Anbjørg Myhra Bergwitz og Audun Grüner-Hegge (Stavanger)
  • 18.-19. januar - Fordjuping i pardans m/ Vegar Vårdal (Skjetten)

2019

  • 30. november-1. desember - Grunnleggande instruktørkurs m/ Trine Sjølyst (Bergen)
  • 26.-27. oktober - Grunnleggande instruktørkurs m/ Anette Figenschou (Lakselv)
  • 26.-28. april - Barneinstruktørkurs m/ Trine Sjølyst (Oslo)
  • 15.-17. mars - Fordjuping i folkeleg pardans del 2 m/ Vegar Vårdal (Oslo)
  • 8.-10. mars - Instruktørkurs i Suldalsspringar m/ Vegar Vårdal (Stavanger)
  • 8.-10. februar - Fordjuping i folkeleg pardans del 1 m/ Vegar Vårdal (Oslo)
  • 12.-13. januar - Instruktørkurs i revy (Tennevoll)

2018

  • 24.-25. november - Instruktørkurs med Folkepedia m/ Halldis Folkedal (Tyssedal)
  • 13.-14. oktober - Barne- og ungdomsteater m/ Tobias Avlund Heiberg (Kvinesdal)
  • 27.-29. april - Samdansteknikk m/ Vegar Vårdal (Oslo)
  • 12.-14. januar - Fordjuping i turdans m/ Tor Stallvik (Skjetten)