Sommarleiren 2023
Sommarleiren 2023 blir frå 27. juni-2. juli på Trøndertun folkehøgskole i Trøndelag.
På ei knapp veke vil du kunne delta på ulike kurs og sosiale aktivitetar, og ikkje minst skape nye minne og bli venner med andre ungdommar som deler dine interesser.
Meir informasjon om Sommarleiren 2023 finn du på sommarleiren.no.
Sommarleiren til Noregs Ungdomslag
Sommarleiren er den nasjonale møteplassen for ungdommar i alderen 13-25 år, og blir arrangert i månadsskiftet juni – juli kvart år. Sommarleiren blir arrangert ulike stader i landet for kvart år, ofte på ein folkehøgskole eller liknande.
På sommarleiren kan ein delta på kurs i teater, dans, musikk og mykje meir. I tillegg til kursprogrammet, legg vi stor vekt på samvær med andre ungdommar innanfor trygge rammer. Om kveldane er det mange aktivitetar, frå dansefest til konkurransar og improkappleik der vi testar ut teatersport. Vi legg også opp til utflukt i nærområdet laurdagen.
For ungdommar frå 13-25 år
Aldersspennet frå 13-25 år, har vist seg å vere ein styrke for leiren og det sosiale miljøet. Noregs Ungdomslag er ein generasjonsorganisasjon som har lange tradisjonar for å invitere til arrangement på tvers av aldrar. Vi har god erfaring i å la både yngre og eldre ungdommar møtast gjennom aktivitet og sosialt samvær.
Dei eldste deltakarane har som oftast sjølve vore med på sommarleiren i mange år og veit korleis det er å vere blant dei yngste. Deltakarane våre er flinke til å ta vare på kvarandre og til å inkludere alle.