Ungt Demokrati 2022

Gard Hongslo og Synne Rønning skal halde kurset Ungt demokrati for oss. Dei jobbar i stiftinga Alluvio som held kurs for ungdom på ulike område. 

 

Er du, eller kjenner du nokon som er mellom 14 – 26 år og over middels samfunnsengasjert? Da kan det vere ein av dei 20 ungdommane som får plass på kurset Ungt Demokrati. Det er eit kurs over tre samlingar med opplæring i organisasjon, leiing og demokrati.

Dei heldige kandidatane som får vere med, får dekt både reise, kost og losji og fagleg innhald. Vi er ute etter motiverte sjeler som ønsker å lære meir om kva rolle dei frivillige organisasjonane har i demokratiet, og korleis ein sjølv kan vere med å påverke eigne interessefelt.

Det blir tre samlingar i 2022:

  • NU´s landsmøte 22.-24. april i Oslo
  • Sommarleiren 28. juni -3. juli i Trøndelag
  • Arendalsveka i veke 33 i Arendal

Kurset blir arrangert i samarbeid med stiftinga Alluvio, som held kurs for ungdom på ulike arenaar i livet. 

Gard Hongslo og Synne Rønning i Alluvio har begge tidlegare jobba i stiftinga Fundatum, som gjennomførte pilotprosjektet Ung Leiarskap for oss i 2018 og 2019. Det er dette prosjektet dei no skal vidareføre i tre år, med namnet Ungt Demokrati. Til det får vi økonomisk støtte frå Sparebankstiftelsen DNB.

Nina Byttingsmyr og Marit Kvamen er to av dei som deltok på pilotprosjektet:

“På UngtDemokrati får du lære mykje om deg sjølv og andre. Du får tips om korleis du kan vere ein god leiar og korleis ein organisasjon kan fungere. Instruktørane er veldig dyktige og lærer bort med mykje enusiasme, finurlege øvingar og litt tøys” 

- Nina Byttingsmyr, deltakar i 2019.

«For meg var kurset heilt eineståande. Det eg trudde skulle bli lange timar med notatblokka, vart til eit sterkt, rørande og styrkande møte med meg sjølv og andre.

I notata mine kan eg lese om kva som er mine gode eigenskapar, kva verdiar som er viktige for meg, og kven i livet mitt eg kan støtte meg til. Uansett situasjon kan eg alltid gå tilbake til desse notata og finne mot og krefter til å stå på vidare.

Kurset gav meg i tillegg ei god innføring i organisasjonsstruktur, leiarskapsfilosofi, og ei djupare forståing av korleis vi menneske fungerer og korleis vi best kan samarbeide. Kurset gjorde meg bevisst på mine eigne styrkar, men òg styrkane til dei rundt meg.

Dette er lærdom som stadig kjem til nytte, både i jobb, frivillig arbeid og som medmenneske.»

- Marit Kvamen, deltakar i 2018.

Her kan du lese eit intervju med Marit, der ho fortel meir om da ho var med på kurs.

 

Om du har lyst til å delta på Ungt Demokrati 2022, kan du sende inn ein søknad ved å fylle ut dette skjemaet

Søknadsfristen er 10. april.

 

Har du spørsmål til Ungt Demokrati eller lurer på om dette kan vere noko for deg, ta gjerne kontakt med Mona Husby: mona@remove-this.ungdomslag.remove-this.no eller beate@ungdomslag.no.