Her finn du nyttig informasjon knytt til korona-pandemien og smittevern

Nasjonale smitteverntiltak gjeldande frå 16. april

 

Her er dei punkta som er mest aktuelle:  

  • Avstandskrav vert endra tilbake frå to til èin meters avstand.

  • Inntil 50 barn og unge under 20 år kan delta på arrangement kor det det ikkje er faste, tilviste plassar.

  • Dersom barn og unge trenar/øver saman med eit lag eller foreining frå ei anna kommune, vil dei også kunne konkurrere saman, om smittesituasjonen tillèt det.

  • Vaksne kan drive organisert aktivitet innandørs i grupper på inntil 10 personar, så lenge dei kan halde minst èin meters avstand. Utandørs kan de vere fleire, men må likevel passe på å halde minst èin meters avstand.

  • Arrangement som samlar menneske frå same kommune kan ha 100 personar innandørs på faste, tilviste plassar.

  • Arranngement utandørs kan ha maks 200 personar, men 600 personar (fordelt på 3 kohortar á 200 personar) dersom dei set på faste tilviste plassar og det er to meters avstand mellom kohortane.

  • NB! Det er ikkje anbefalt samle folk frå ulike kommmunar. Dersom det er mogleg, bør arrangementet utsettast eller avlysast.

 

Men merk! Desse råda tek utgangspunkt i nasjonale krav og anbefalingar. Det fins òg lokale krav og anbefalingar i kvar kommune, så hald deg oppdatert  på kva vedtaka og råda frå helsestyresmaktene i kommunen de høyrer til er. Oppdatert informasjon skal vere tilgjengeleg på heimesida til kommunen,og er de i tvil så oppmodar vi alltid til å ta kontakt med kommunelegen for å få råd og rettleiing.

 

Meir aktuell informasjon finn de her: 

https://www.regjeringen.no/no/tema/Koronasituasjonen/oversikt-over-nasjonale-tiltak/id2826828/

https://www.regjeringen.no/no/tema/Koronasituasjonen/sporsmal-og-svar-om-koronasituasjonen/sporsmal-og-svar-om-arrangementer/id2703876/


Årsmøte
Her finn du  samanfatta informasjon om alternative måter å halde eit årsmøte på når ein ikkje kan møte opp fysisk. 
RÅD OM DIGITALE ÅRSMØTE

Plakatar
Treng de plakatar knytt til smittevern til å henge opp? Vi har laga eit par utgåver som er enkle å skrive ut. Her finn du og malar for oppmøtelister
PLAKATAR OG OPPMØTELISTER

Digitale kurs
Her er gode råd om digitale kurs frå Studieforbundet Kultur og Tradisjon
Å HALDE DIGITALE KURS

Viktige rettleiiarar som er godkjente av helsestyresmaktene

LES RETTLEIAREN SMITTEVERN I FRIVILLIGE LAG OG ORGANISASJONAR

LES REGJERINGA SINE SVAR PÅ OFTE STILTE SPØRSMÅL

LES SMITTEVERN FOR MUSIKKØVINGAR

LES SMITTEVERN FOR IDRETT



Vi anbefaler òg å sjå www.fhi.no og helsenorge.no for oppdatert informasjon.