13.-15. mai er det jubileumshelg for Bygda Dansar

Prosjektet Bygda Dansar skulle feira 20 års-jubileum i september 2021, men grunna koronasituasjonen, vart det usett. Helga 13.-15. mai blir det endeleg feiring!

Det er Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff) som driv og eig prosjektet Bygda Dansar. Noregs Ungdomslag er til stades gjennom helga med instruktørkurs, og FolkOrg har dommarkurs i dans og spel.

NU har fullteikna instruktørkurset med 21 deltakarar, og har faktisk måtta seie nei til nokon, informerer folkemusikk- og folkedansansvarleg i NU, Solveig Brekke Hauknes.

– Det er godt å sjå at folk er gira på å samlast til kurs og sosiale og faglege arrangement igjen. Dette er det andre fullteikna instruktørkurset i vår, dei to første etter skikkeleg gjenopning, seier ho. 

Møte om folkemusikk- og folkedansfeltet fredag

Fredag startar jubileumshelga med det årlege møtet for representantskapet i Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Der skal dei diskutere aktuelle saker som gjeld folkemusikk- og folkedansfeltet.

Eitt av temaa på møtet er det nye danseprogrammet «Dansespor», som erstattar Bygda dansar. Det er eit heilt nytt tilskot til folkedansarbeidet.

Det vart gjort ei stor evaluering av Bygda Dansar sist haust/vinter, og det er med bakgrunn i dette arbeidet, at styret og administrasjonen i Sff har komme fram til prosjektet Dansespor. NU har òg vore involvert i denne evalueringa i lag med FolkOrg, med å sitje i ei referansegruppe.

De kan lese meir om evalueringa av tjue år med Bygda Dansar her

Stor jubileumsfeiring på Riksscenen laurdag

Laurdag 14. mai blir det stor jubileumsfeiring på Riksscenen. Da inviterer Norsk senter for folkemusikk og folkedans tidlegare Bygda dansar-ungdommar og alle som vil, til feiring!

Det blir både jubileumsutstilling, seminar, filmvisning, dansekurs og "Verdens beste dansefest". SFF oppmodar om å finne fram danseskoa og bli med!

Om du har billett til dagprogrammet, får du adgang til både seminara og alle dansekursa på Riksscenen 14. mai, samt jubileumsutstillinga.

Det blir dansekurs frå ulike område som Bygda Dansar-prosjektet har vore gjennom desse tjue åra, mellom anna frå Vestlandet, Valdres og Telemark.

Det blir òg fleire spennande seminar som har tilknyting til Bygda Dansar-prosjekt og metodikken. Oversikt over alle seminara finn du her: 

https://www.folkemusikkogfolkedans.no/seminarprogram.

Ein vel fritt kor mange arrangement ein vil delta på.

Dersom du har billett til Verdens beste dansefest med Bygda dansar allstars, så inkluderer denne òg visning av filmen Kalde mønster.

Du kan lese meir om jubileumsarrangementet på nettsida til SFF

Stor dansefest frå alle tradisjonsområda

Laurdag kveld er det stor dansefest i dei tre salane til Riksscenen, der ein kan danse seg gjennom alle tradisjonsområda Bygda Dansar har vore i.

Det er mange musikarar som er leigd inn til å spele, som har vore sentrale i desse prosjekta. I tillegg er det også leigd inn dansarar frå desse områda, som fungerer som danseforbilde og dansevertar på kvelden.

 Meir utfyllande informasjon om arrangementet på Riksscenen, finn du på www.riksscenen.no

Sjekk òg ut jubileums-arrangementet på Facebook