Fagdagane 2021: Kvinner i bunadshistoria

Velkomen til Fagdagane i bunad og folkedrakt!

Tid: 25.-26. oktober 2021
Stad: Fagernes


Fagdagane finn vegen tilbake til Fagernes 25. og 26. oktober, og det er ei glede å kunne ønskje velkomen til to dagar med inspirasjon, interessante foredrag, bunadsutstilling, kurs og festmiddag. Det faglege står høgt i setet, men det gjer også det sosiale samværet. Fagdagane er for alle som jobbar med, eller er interessert i folkedrakt og bunad.

Arrangementet finn stad på Scandic hotell Valdres. Det blir også lagt opp til besøk på Valdres folkemuseum og den nye utstillinga «Fyrstedamar i bunad». I tillegg til foredrag og utstilling vil du som deltakar ha moglegheit for å melde deg på kurs i ulike småteknikkar.

Les meir om programmet her: https://www.bunadbruk.no/hva-skjer/fagdagane-2021-kvinner-i-bunadshistoria

Sett av datoane no, påmeldinga opnar 21.juni.

For påmelding trykk her (opnar 21. juni)