Nasjonale smitteverntiltak held fram etter 18. januar

Nasjonale smitteverntiltak frå 18. januar
Her er dei punkta som er mest aktuelle 

  • Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt, både ute og inne. Dei kan òg få eit unntak frå anbefalinga om 1 meters avstand når det er nødvendig for å drive med aktiviteten. For barn og unge kan ordinær treningsaktivitet internt i klubbar, lag og foreningar difor bli gjennomført. Stemne, kampar osb. må fortsatt bli utsatt.
     
  • For vaksne (20 år og oppover) blir anbefalinga om å ikkje drive organisert aktivitet innandørs vidareført. Vaksne kan trene utandørs dersom det er mogleg å halde god avstand. 
     
  • Kulturarrangement som framsyningar, oppvisningar osb. samt kurs/konferansar bør bli utsatt dersom desse samler personer frå flere kommunar. 
     
  • Maksimalt ti personer på innandørs idrettsarrangement, kulturarrangement, seminar osb. 200 personar om alle i publikum sit i fastmonterte sete.
     
  • Viktig å merke seg om de leier ut lokale: Det er lov med maksimalt 10 personar på private sammenkomstar utanfor eigen heim, til dømes ein bursdag i leigd lokale. Er den private samankonsten utandørs er grensa 20 personar. 

Les meir på nettsida til Regjeringa her!

Men merk! Desse råda tek utgangspunkt i nasjonale krav og anbefalingar. Det fins òg lokale krav og anbefalingar i kvar kommune, så hald deg oppdatert  på kva vedtaka og råda frå helsestyresmaktene i kommunen de høyrer til er. Oppdatert informasjon skal vere tilgjengeleg på heimesida til kommunen,og er de i tvil så oppmodar vi alltid til å ta kontakt med kommunelegen for å få råd og rettleiing.