Nettmøte om teateraktivitet

Korleis skal ein starte opp aktiviteten igjen etter ei så lang pause? Korleis kan ein drive trygg OG bra teateraktivitet innanfor smittevernreglane?

Pandemien har utan tvil påverka oss. Heldigvis ser vi no ei ei lysare tid i møte, og det er forhåpentlegvis tid for å starte opp aktiviteten i teaterlaga igjen. Men korleis skal ein få det til på best mogleg måte? 

Tysdag 31. august vil Sebastian Haugland dele sine beste tips og triks for å få til nettopp dette. Han har lang erfaring med amatørteateraktivitet, og er sjølv aktiv i Mjeldalen Ungdomslag. Sebastian jobbar no som teaterlærar i kulturskule og har ein master i drama og anvendt teater. Med andre ord: alt ligg til rette for eit godt og inspirerande møte.

Dato og tid: 31. august 19:00 – 21:00.

Møtet vert helde på den digitale plattforma Teams, og det blir sendt ut ei lenke på e-post 1 time før møtet tek til. Meld deg difor på i skjemaet under.

Påmeldingsskjema finn du her

Ta kontakt med mona@ungdomslag.no ved spørsmål.