Siste nytt om "Kven Veit?"

Frå 16. april kom det nye smittevernreglar. Krava som er relevant for Kven veit? er:

  • Avstandskrav er endra tilbake frå to meter til ein meter.
  • Vaksne kan drive organisert aktivitet innandørs i grupper på inntil 10 personar, så lenge dei kan halde minst ein meter avstand.

Samtidig er Oslo og fleire kommunar i m.a. Viken og Vestfold og Telemark omfatta av regionale tiltak. I desse kommunane er det ikkje lov å halde ope kulturbygg og arrangere organiserte aktivitetar. Det kan òg vere andre kommunar med lokale tiltak. Følg alltid med på kommunen sin heimeside for oppdatert informasjon.

For oversikt over regionale tiltak:

https://www.helsedirektoratet.no/tema/beredskap-og-krisehandtering/koronavirus/kart-over-regionale-tiltaksnivaer

 

For Oslo: https://www.oslo.kommune.no/koronavirus/rad-og-regler-i-oslo/arrangementer-pa-offentlig-sted/

 

Med utgangspunkt i dei nye smitteverntiltaka har vi satt følgjande fristar for fullføring av Kven Veit? 2021:

 

  • Runde to: 3. mai
  • Runde tre: 1. juni.

 

Dei som vil gjennomføre tevlingsrundane digitalt der deltakarane sit kvar for seg kan gjere det. 

 

Frivillig Norge legg òg ut informasjon retta mot frivillige lag og organisasjonar jamleg her:

https://www.frivillighetnorge.no/verktoy/kurs-og-praktisk-hjelp/smittevernveileder/

 

Er det behov for lokale tilpassingar for å fullføre tevlinga, ta kontakt med Christoffer Knagenhjelm på christoffer@remove-this.ungdomslag.remove-this.no, mob. 48004817.

 

Lukke til vidare!