Søk støtte til å inkludere ukrainske flyktningar

Prosjektet "Kulturfellesskap med ukrainske flykninger" har ei eiga tilskotsordning der frivillige organisasjonar og lag kan søke om støtte, dersom dei ønsker å inkludere flyktningar frå Ukraina i ein musikk- eller kulturaktivitet. Prosjektet har òg ei eiga nettside.

Midlane skal nyttast for å fremme aktivitet og deltaking blant ukrainske flyktningar som er busette i kommunar eller på mottak. I hovudsak er ordninga meint som hjelp til å inkludere i aktivitet som allereie eksisterer i foreininga. 

– Vi støttar både små og store tiltak. Vi behandlar søknader løpande og vi har kort behandlingstid. Vi gir støtte til tiltak som skjer i 2022, så det er berre å kaste seg rundt, fortel prosjektleiar i "Kulturfellesskap med ukrainske flykninger" i Norsk musikkråd, Mari Romarheim Haugen.

Det er Norsk musikkråd, Musikkens studieforbund og Kulturalliansen som samarbeidar om denne ordninga. 
 
Ti ekstra millionar
I sommar sette Kultur- og likestillingsdepartementet av ti millionar kroner for å inkludere ukrainske flyktningar i kulturaktivitetar som kor, dramagrupper og korps og andre fritidsaktivitetar på kulturfeltet. Som del av denne potten, fekk Norsk musikkråd eit eingongstilskot til arbeid med inkludering av ukrainske flyktningar. 

Dette er noko også NU-lag kan søke om støtte til å gjennomføre, og denne støtta kan de søke om i tillegg til vaksenopplæringsmidlane. Kanskje er det ein aktivitet også i laget ditt der det kunne passe å inkludere lokale flyktningar?

– Vi ønsker å gi flyktningar ein litt mer normal kvardag, sa generalsekretær i Norsk musikkråd, Bjarne Dæhli, til nettstaden musikk.no, da støtta vart gjort kjend.

Fleire har allereie nytta dette tilbodet. Mellom anna har 22 ukrainske flyktningar vore med og lært å spele i korps, som del av Valdres Sommerbrass, og under Sommersanguka 2022 på Toneheim folkehøgskole, deltok òg 13 ukrainske flyktningar. Det var Ung i Kor Oslo og Ung i Kor SørØst som arrangerte Sommersanguka. 

Fleire måtar å søke støtte på

Lokale lag og foreiningar har fleire moglegheiter til å søke tilskot til inkluderingstiltak. Musikkens studieforbund har Prio-midlar til tiltak som er retta mot rekruttering, integrering og inkludering. K-stud gir ekstra tilskot for kurs til flyktningar. Kurs med deltakarar som kan lite norsk, og som vektlegg språktrening, kan få ekstra tilskot frå Kultur og tradisjon.

"Kulturfellesskap med ukrainske flyktninger" har òg laga ein rettleiar (ein trinnvis guide), som gir råd om korleis ein kan komme i gang med å inkludere flyktningane i lokalområdet ditt: 
https://www.musikk.no/prosjekt/ukraina/veileder-arrangorer

Dei har òg laga eit skjema der lag som ønsker å inkludere ukrainske flytningar, kan registrere seg. Lista over desse laga kan ein òg finne her:
Kulturfellesskap med ukrainske flyktninger – Prosjekt (musikk.no)