Landsmøtet 2022

Landsmøtet i 2022 vert halde fysisk i Oslo, så lenge smittevernreglar tillet det, helga 22.-24. april. Meir informasjon om møtet kjem fortøpande.

Førebels sakliste
Styret har satt opp ei førebels sakliste for møtet. I tillegg kan medlemmene gjennom laga kome med framlegg til saker ein ønskjer landsmøtet skal handsame. Sakene må vere meldt skriftleg til styret i Noregs Ungdomslag seinast åtte veker før møtet, dvs. innan 25. februar. Forslag til saker kan sendast til post@remove-this.ungdomslag.remove-this.no Merk emnefeltet med "Saksforslag til landsmøtet 2022".
Styret vil etter dette setje opp forslag til endeleg sakliste. Ho blir kunngjort her på nettsida, samt sendt til dei påmeldte utsendingane seinast 22. mars.

Den førebels saklista per 21.11.2021 er:

  1. Opning og konstituering
  2. Årsmelding 2021
  3. Rekneskap 2021
  4. Lovendringsforslag
  5. Langtidsprogram 2023-2030
  6. Arbeidsprogram 2023-2024
  7. Budsjett 2023 og 202
  8. Innkomne saker frå laga
  9. Fråsegner
  10. Val (av styre, revisor og valnemnd)

Val av utsendingar

For at landsmøtet til Noregs Ungdomslag skal vere den demokratiske møteplassen vi alle ønskjer at han skal vere, er det viktig at flest mogleg av lokal - og fylkeslaga sender utsendingar til møtet. 

Kva må til for å kunne delta på landsmøtet?

  • Lokallaget må ha sendt årsrapport og betalt kontingent for føregåande år.
  • Utsendingane frå lokallaga har berre røysterett på landsmøtet om dei er registrerte som betalande medlemmer i Noregs Ungdomslag.

Vi ønskjer lag velkommen til landsmøtet 2022!