Styret i Noregs Ungdomslag ønsker å legge fram to lovendringsframlegg på landsmøtet 22.-24. april 2022 som gjeld §9 Målbruk og §10 Rusgifter.
I § 14 Lovendringar står det:
§ 14 Lovendring
Lovendringsframlegg må vere sendt styret seinast 8 veker før landsmøtet. Sjølve lovframlegget må kunngjerast minst éin månad før landsmøtet. Ei lovendring krev 2/3 fleirtal.
Endringsframlegg frå medlemmer, lokallag og fylkeslag har vore sendt til styret innan 1. mars. Lovframlegga må kunngjerast seinast 22. mars.
Det har òg vore mogleg å komme med generelle innspel og tankar kring framlegga til lovendringar fram til 1. mars.
Med bakgrunn i debattane som vil gå fram mot landsmøtet, og i dei innspela som er komne inn frå lag og enkeltpersonar, kan det endeleg lovendringsframlegget sjå noko annleis ut.