Landsmøte

Landsmøtet er organisasjonen sitt høgste demokratiske organ, og staden der dei viktigaste avgjerdene som skal vere førande for NU det neste året vert fatta. På landsmøtet møtast ungdomslagsfolk frå heile landet til sosialt og fagleg samvere. Alle lag, både fylkeslag og lokallag har rett til å sende utsendingar. Møtet blir halde kvart år.

Landsmøte 2022

Neste landsmøte i NU vert i Oslo helga 22.-24. april 2022. Då satsar vi igjen på å få til ei større NU-helg med kurs og aktivitetar som også andre enn landsmøteutsendingar kan delta på. Kom gjerne med innspel og ynskjer til rammene rundt og innhaldet i helga allereie no!