Etiske retningslinjer for Noregs Ungdomslag
Fastsett av styret 20.11.20
Noregs Ungdomslag (NU) er tufta på eit frilyndt grunnsyn der vi har ein inkluderande samværskultur med trygge og rusfrie møteplassar, der alle blir møtt med respekt uansett alder, bakgrunn, politisk ståstad og livspraktisering.
Dei etiske retningslinjene til NU er ei samanfatting av den etiske praktisen og reglane for å overhalde desse.
Etikk handlar i denne samanhengen om kva som er rett og gale å gjere, og å kunne grunngi handlingane innanfor det som samsvarar med lover, reglar og dei verdiane NU bygger på.
Lover og regelverk dreg opp grensene for dette på mange område, men ofte må skjøn bli brukt. Det inneber òg at etikk er å velje kva ein skal gjere ut frå verdiar, normer og eiga dømekraft.
Retningslinjene skal vere lette å forstå, relevante i kvardagen og vere forma slik at dei kan følgast i praksis.
- Etiske retningslinjer for NU gjeld for medlemmar som deltek på sentrale arrangement i NU, tillitsvalde i NU, tilsette i NU og dei som på oppdrag representerer NU.
- Alle medlemmar i NU som deltek på sentrale arrangement, tillitsvalde i NU, tilsette i NU og dei som på oppdrag representerer NU, skal bli gjort kjent med dei etiske retningslinjene for NU.
- Styret i NU har ansvar for å gå gjennom og fremme endringar til oppdateringar og revidering av retningslinjene.
1) LIKEVERD OG INKLUDERING
a) I NU arbeider vi for at alle skal bli inkludert i organisasjonen.
b) For å sikre det gode samhaldet i organisasjonen skal både medlemmar og tilsette vise respekt for alle menneske som deltek i aktivitetane våre, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, religion, livssyn, seksuell orientering, funksjonsevne, sosial status, etnisk tilhøyrsel eller politisk ståstad.
c) NU tek avstand frå alle former for diskriminering, trakassering og mobbing.
2) SETTE GRENSER
a) Tilskipingar i regi av NU skal vere trygge og sosiale samlingsstader på tvers av generasjonar. Alle skal utvise respekt for kvarandre sine grenser. Ingen skal utsette andre medlemmar for fare.
b) Seksuell trakassering, seksuell overskridande oppførsel og seksuelle overgrep er uakseptabelt. Om dette skjer på ei tilskiping i regi av NU, skal retningslinjer for handtering av seksuelle overgrep, grenseoverskridande oppførsel og trakassering i NU nyttast.
c) NU skal arbeide aktivt for å skape ein attraktiv, rusfri samværskultur. Alle tilskipingar på sentralt plan skal vere rusfrie.
3) ROLLEOPPFATNING OG HABILITET
a) Alle tillitsvalde og tilsette skal vere medvitne den makta og påverknaden dei har i relasjon til andre, og ikkje misbruke den tilliten dei har i kraft av vervet eller stillinga si.
b) Alle som deltek i handsaminga av ei sak i styret, NU-kontoret eller andre nemnder og utval i NU, skal sjølv vurdere habilitet og om vedkommande er inhabil i ei sak. Dersom du anten sjølv har eigeninteresse eller har eit nært slektskap eller forhold til nokon av partane med eigeninteresse i utfallet av saka, er du inhabil og skal ikkje delta i handsaminga av saka.
4) FORVALTARANSVAR OG ØKONOMISK ANSVAR
a) Alt økonomisk arbeid i NU skal bli utført ærleg og reieleg og utan korrupsjon.
b) Det skal vere synleg at dei økonomiske midlane til organisasjonen og administrasjonen blir forvalta på ein ansvarleg måte.
5) OPENHEIT I ORGANISASJONEN
a) NU skal vise openheit i vedtak og prosessar. Protokollar, referat og vedtak skal som hovudregel vere tilgjengelege for alle tillitsvalde og tilsette i organisasjonen. Ved handsaming av saker som inneheld sensitiv informasjon, kan styret vedta teieplikt for å sikre fortrulegheita til saka.
REAKSJONAR VED BROT PÅ DEI ETISKE RETNINGSLINJENE
Brot på dei etiske retningslinjene kan bli meldt til leiar i NU eller generalsekretær. Brot på dei etiske retningslinjene vil føre til sanksjonar etter vurdering av kor alvorleg saka er. Dette kan medføre desse sanksjonane:
- munnleg eller skriftleg åtvaring om å endre oppførsel
- utestenging frå tilskipingar eller aktivitetar for ein avgrensa periode
- tap av posisjon, oppgåver eller tillitsverv for ein avgrensa periode
- eksklusjon frå arrangement, tap av posisjon, oppgåver eller tillitsverv og/eller eksklusjon frå organisasjonen permanent
Saker som fell under punkt 1, 2 og 3, blir handsama av arbeidsutvalet (AU) i NU. I saker som fell under punkt 4, legg arbeidsutvalet (AU) fram saka til styret i NU som gjer eit vedtak.
Styret i NU kan suspendere medlemmar i NU dersom ein person blir skulda, mistenkt eller meldt for alvorleg brot på retningslinjene til organisasjonen eller straffelova. Den det gjeld, kan bli suspendert frå arrangement, verv og oppgåver inntil saka er avklart med politi, rettsinstans og i organisasjonen. Suspensjon vil stå inntil eit anna vedtak er fatta.
Eigne ombod på tilskipingar
På større tilskipingar som t.d. landsmøtet skal det bli valt eigne ombod som deltakarane kan gi varsel til om andre bryt dei etiske retningslinjene til NU. Mandatet til ombodet skal vere skildra i beredskapsplanen til tilskipinga.
---
Verneombod for Noregs Ungdomslag
Det er oppretta verneombod for Noregs Ungdomslag som medlemmar kan melde inn saker til som omhandlar seksuelle overgrep, grenseoverskridande åtferd og trakassering, og brot på HMT/HMS-regelverket. Verneomboda skal vere ein nøytral kontaktperson og kan bistå medlemmar i kontakta med sitt lokallag der dei føler dette er vanskeleg.
Verneombod per 22.11.2020 er:
Bjørn Arve Moen, styremedlem: tlf. 994 34 665
Solveig Brekke Hauknes, kulturrådgjevar NU-kontoret: tlf. 473 98 764
LAST NED DEI ETISKE RETNINGSLINJENE SOM DOKUMENTET (PDF) HER
---
Trygg organisasjon
Vi anbefalar alle lag og medlemer om å gjere seg kjent med LNU Trygg sin nettportal som du finn her.
Der finn du råd om korleis du varsler, og korleis du handterer eit varsel. Du finn også tips til kva ditt lag kan gjere for å auke bevisstheit kring viktige grenser, skape ein kultur for å seie ifrå og utvikle gode rutinar.