Måndag 13. september er det stortingsval. Usikker på kva du skal stemme? For å hjelpe deg på veg har vi gått gjennom stortingsprogramma for 2021-2025, og gjort ei vurdering av dei ulike partia sin kulturpolitikk for frivillige.

I forkant av kvart stortingsval brukar alle norske parti å ha ein solid prosess med å avgjere kva som dei skal gå til val på. Det munnar til slutt ut i rundt 100 sider med punktlister over kva partiet vil prioritere å få gjennomført i den neste fireårsperioden. Vi har valt å sjå etter nokre konkrete saker er viktige for oss i det frivillige kulturlivet:

  1. Full momskompensasjon
  2. Momskompensasjon til kulturbygg
  3. Driftsstøtte
  4. Tilgang til lokale
  5. Immateriell kulturarv 
  6. Generasjonssamlande aktivitetar

1. Full momskompensasjon

Meirverdiavgifta, populært kalla momsen, utgjer 25 prosent av dei fleste innkjøp på varer og tenester i Noreg. Privatpersonar må betale alt, bedrifter slepp å betale, medan frivillige lag og organisasjonar får tilbake ein del av kostnaden på tampen av året. Avkortinga varierer frå år til år, alt etter kor stor sum som blir satt av i statsbudsjettet. Dermed blir det vanskeleg å legge opp eit føreseieleg årsbudsjett for lag som ofte har trong økonomi. Paraplyorganisasjonen for frivillige organisasjonar, Frivillighet Norge, har derfor full, regelstyrt momskompensasjon som si største kampsak. Ei eventuell innføring vil i praksis bety at alle lag og organisasjonar kan stole på at dei får att for momsutgiftene sine ved årsslutt.

Spørsmål 1: Går partiet inn for full, rettsfesta momskompensasjon for frivillige lag?

Best i klassen er Senterpartiet (Sp), Framstegspartiet (FrP) Kristelig folkeparti (KRF), som går inn for full, rettsfesta momskompensasjon – hurra!  

Nestbest i klassen er Arbeiderpartiet (Ap) og Miljøpartiet de Grønne (MDG) også vil jobbe for full momskompensasjon, men dei nemner ikkje rettsfesting i sine program. Vidare nedover på lista finn vi  Venstre (V) som ønskjer å trappe opp ordninga, utan å konkretisere kva det inneber. Høgre (H) på si side vil heller berre sørge for at lag og organisasjonar får det meir føreseieleg med å vite kor mykje dei faktisk får att kvart år. Føreseielege ordningar er for så vidt viktig, men full kompensasjon er endå viktigare. 

Raudt (R) og Sosialistisk Venstreparti (SV) nemner ikkje generell momskompensasjon spesifikt, men som plaster på såret ønskjer begge å betre rammevilkåra for frivillig sektor. Vi i NU likar ikkje så godt ulne formuleringar som å «betre vilkåra» når det kjem frå politisk hald. Det forpliktar ikkje til konkrete handlingar, og kan fort munne ut i ingenting.

2. Momskompensasjon for kulturbygg

Per i dag får idrettsbygg momskompensasjon for nybygg og oppgraderingar av bygningsmassen. Kartlegging av Huset i Bygda indikerer at det finst rundt 5000 organisasjonseigde kulturhus i Noreg, med estimert vedlikehaldsbehov på om lag 2 milliardar kroner. Det er ei utbreidd misforståing i norsk politikk at kulturlokale ikkje har behov for gode dansegolv, handikaptoalett eller tette tak på lik linje med idrettsarenaer. Organisasjonseigde kulturbygg får i dag berre smular til å ruste oppbygningsmassen eller bygge på med nye fasilitetar. 

Spørsmål 2: Går partiet inn for å gi momskompensasjon for nybygg og oppgraderingar av organisasjonseigde kulturhus?

I dette spørsmålet får Sp full score. Sp vil «Gje full momskompensasjon ved bygging og ombygging av kulturhus, klubbhus og anlegg eigd av organisasjonar.» Slik skal det vere! 

SV og FrP vil ha full, og Ap vil ha rettsfesta momskompensasjon for idrettsbygg i sitt program, men nemner ikkje kulturbygg. Høgre vil ha føreseielege ordningar for momskompensasjon til idrettsbygg, men nemner ikkje kulturbygg. Til desse partia gir vi alle stryk. KrF, Venstre, MDG og Raudt nemner verken idrettsbygg eller kulturbygg, og det er iallfall stryk.

3. Tilgang til offentlege lokale

Vi i frivilligheita kjenner nesten alle til det – utfordringa med å finne passande lokale til aktivitetane våre. Ikkje minst gjeld det for oss i kulturfrivilligheita som strever ekstra mykje med å få lokale som har god nok akustikk, gode nok dansegolv, og så vidare. Kommunale skular skal i utgangspunktet tilby lokale til frivillige lag og organisasjonar, men det er mange som likevel seier nei når det er ønske om å låne ein skule til helgekurs eller liknande. 

Spørsmål 3: Går partiet inn for å gi frivillige lag og foreiningar tilgang til å ha øvingar, møte, samlingar og kurs i offentlege bygg? 

Denne vann Arbeiderpartiet soleklart. Partiet vil sørge for at frivilligheita får god tilgang på lokale, anlegg og utstyr, og skisserer som tiltak at frivilligheita skal få låne statlege og kommunale bygg utanfor arbeidstid. Raudt vil etablere gratis lån av lokale til frivillige arrangement – vi får berre anta at dei meiner lån av offentlege bygg.

MDG vil stille offentlege lokale til disposisjon for kulturlivet – både den profesjonelle kulturen og amatørkulturen. Det er vel og bra, sidan amatørkulturen utgjer mykje av aktiviteten i lokallaga til NU.  Men, MDG nemner ikkje her den resterande delen av frivilligheita, så det er litt dumt.

SV og KRF vil heilt klart at barne- og ungdomsorganisasjonar skal ha tilgang til offentlege lokale, men er ikkje opptekne av at til dømes generasjonsorganisasjonar som NU skal ha same moglegheit.

Venstre vil legge til rette for fleire møteplassar for frivillige, men nemner ikkje korleis. Høgre, Senterpartiet og FrP nemner ikkje temaet i det heile tatt. 

4. Driftstøtte

Stadig vekk ser vi at det dukkar pressemeldingar frå eit eller anna departement om ei ny, lita prosjekt-støtteordning som er øyremerka eitt eller anna tema. Det blir oppslag i rikspressa, gjerne fronta av ein minister frå eit parti som har ivra for området. Fint det, bortsett ifrå at det medfører at lag med trong økonomi endar opp med å jage etter prosjektmidlar som krev ferske tiltak, framføre å styrke dei allereie eksisterande aktivitetane - som frå før kan ha same formål som prosjektutlysinga. 

Spørsmål 4: Går partiet inn for å avbyråkratisere støtteordningar ved å ha meir driftsstøtte og mindre prosjektstøtte?

Av dei ni partia ønskjer SP, MDG og KRF å dreie støtteordningane slik at større andel vert gjeve som frie midlar. Dette likar vi! Raudt og Venstre kunne med fordel ha vore tydelegare på kva dei ønskjer. I avsnittet under helsepolitkkk for eldre, vil Raudt vri støtteordningar for frivilligheit frå aktivitetsbasert støtte til tilrettelegging for frivillig innsats. Her nærmar dei seg kjerna i spørsmålet, men gjeld det same for andre deler av frivilligheita? På same måte kunne vi ønskje at Venstre var tydelegare på kva partiet vil. Å gjere kvardagen for frivillige lag og organisasjonar lettare ved å forenkle byråkratiet er fint det, men Venstre seier lite om korleis dei i praksis skal få det til. Partiprogrammet seier heller ikkje noko om kva partiet meiner om drift og støtteordningar til frivilligheita.  Slik sett svarer Venstre ikkje direkte på spørsmålet, men det er i det minste eit forsøk på å nærme seg frivilligheita.

Dei resterande partia, AP, SV, FRP og Høgre tek ikkje opp problemstillinga i det heile tatt. Her er vi litt overraska over at til dømes SV ikkje er meir opptatt av kva rammevilkår frivilligheita har.

 

5. Immateriell kulturarv

Gjengs definisjon av immateriell kulturarv er «levande tradisjonar og tradisjonell kunnskap som blir overført mellom folk. Kunnskapen blir praktisert i dag og ført videre gjennom kreative uttrykksmåtar, som handverk, musikk, dans, mattradisjonar, ritual og munnlege forteljingar.»  I Noregs Ungdomslag er vi til dømes ekstra opptekne å bevare folkedans og bunadsbruk som levande tradisjonar. Men, det kan tyde på at fleire parti verken har oversikt over feltet eller genuint ønskje om å støtte opp ein særs viktig del av både dagleglivet og samfunnslivet generelt.

Spørsmål 5: Å styrke arbeidet med immateriell kulturarv?

SP, MDG og KRF er mest tydelege på immateriell kulturarv sin samfunnsverdi. Partia vil forsterke arbeidet med immateriell kulturarv. Ap, Høgre og SV nemner blant anna språk og handverk som viktige deler av kulturarven, men er lite konkrete på korleis det skal gjerast i praksis.

FRP og Raudt hamnar i botn av rangeringa her. FRP nemner ikkje immateriell kulturarv med eigne ord, men vil i det minste oppretthalde samisk handverk (duodji) i skulen, og bidra til at kystkulturen blir tatt vare på. Raudt på si side vil arbeide for at «folkemusikk og folkedans ikkje blir marginalisert som levande samværsform i møte med den amerikaniserte populærkulturen», men har ingen tiltak på lista si.

6. Generasjonssamlande aktivitetar

Noregs Ungdomslag er ein generasjonssamlande organisasjon. Vi har medlemmar frå 0 til 100 år, og opplever at medlemmane lærer og finn glede av kvarandre – uansett alder. Vi meiner at dette har ein svært viktig verdi, men som ikkje blir tilstrekkeleg anerkjent av politikarane.  Generasjonssamlande møteplassar og aktivitetar skapar gode og inkluderande lokalsamfunn, frå vogge til grav. Ikkje minst er generasjonsperspektivet viktig for oss, ettersom den immaterielle kulturarven best kan overførast mellom generasjonane gjennom praktisk bruk og felles glede.

Spørsmål 6: Vil partiet støtte generasjonssamlande aktivitetar og organisasjonar?

Generasjonssamlande aktivitetar er openbart ikkje eit prioritert område for dei politiske partia, men det er to parti som skil seg ut. MDG og KrF ønskjer etablering av fleire frivilligsentralar og andre formar for møteplasser mellom generasjonar, som nærlokalisering av barnehagar, skular og institusjonar for eldre. Dei vil legge til rette for å «skape fellesskap og tilhørighet gjennom mangfoldige og gode nabolag der folk møtes og bryr seg om hverandre på tvers av bakgrunner og generasjoner».Partiet anerkjenner pensjonistar som viktige for velfungerande samfunn for alle generasjonar, men nemner ikkje frivilligheita som arena. KRF er opptatt av at alle treng sosiale fellesskap og ein meiningsfylt kvardag. Dei vil skape møteplassar for eldre, styrke samspelet mellom generasjonar og anerkjenne eldre som samfunnsressursar. For å få dette til vil dei styrke frivilligsentralane og seniorsentra, men kunne med fordel tatt med generasjonsperspektivet, som vi saknar.

Ap, Høgre, Venstre, SP, FrP, SV og Raudt nemner ikkje generasjonssamlande aktivitetar i det heile tatt.