Frifond: Aktivitetstilskot for barn og unge

Har lokallaget fem eller fleire medlemmar under 26 år, og eit aktivitetstilbod til desse? Då kan de søke Frifond!
Frifond er ei stønadsordning oppretta av Stortinget, for å betre rammevilkåra for kulturarbeid for barn og unge, og ein av medlemsfordelane med å vere lokallag i Noregs Ungdomslag. Lokallaget kan søke om aktivitetstilskot eller oppstartstilskot til barne- og ungdomsaktivitet i laget gjennom Frifond. I tillegg kan lokallag søke prosjekttilskot til teateraktivitet for same målgruppe.
Oppstartstilskotet er eit fast beløp på 4 000 kr. Dette er til nye lag, eller til lag som har færre enn fem medlemmer under 26 år, og som ønsker å starte opp aktivitetar for denne aldersgruppa.
Har laget minimum fem medlemmar under 26 år, og aktivitetstilbod til denne aldersgruppa, kan laget søke aktivitetstilskot. Tilskotet har eit grunnbeløp på 4 000 kr og eit variabelt beløp per medlem. I 2021 var dette beløpet 441kr. per medlem. Så eit lag som søkte Frifond med ti medlemmer under 26 år fekk 4 000 + 4 410 (441 x10) = 8 410 kr. ekstra til å bruke til barne- og ungdomsaktivitet i laget.
Merk: Tilskotet skal gå til aktivitet for barn og unge under 26 år, og det må gå fram av rekneskapet at tilskotet faktisk er brukt til aktivitet for born og unge.
Søknadsfristen er 15. september.
Retningslinjene for tildelinga av midlar blir vedtekne av styret i NU. Lokallaga må difor lese gjennom retningslinjene før ein sender søknad, for å fange opp eventuelle endringar.
Retningslinjer for Frifond i Noregs Ungdomslag
1. Innleiing
Desse retningslinjene er vedtekne av styret i Noregs Ungdomslag (NU) 06.02.2022.
Frifond er ei støtteordning oppretta av Stortinget, for å betre rammevilkåra for demokratisk og medlemsbasert kulturarbeid for barn og unge på lokalt nivå. NU pliktar å forvalte Frifond-midlane i tråd med dei overordna retningslinjene frå Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), vedteke av styret i LNU. NU tek imot Frifond-midlar frå LNU, og fordeler tilskot vidare til lokallaga. Fylkeslaga kan ifølge dei overordna retningslinene frå LNU ikkje få Frifond-midlar. Av den samla potten til NU, frå LNU blir fem prosent behalde til administrasjon av ordninga. Den resterande delen blir i heilskap fordelt til lokallaga etter søknad.
2. Kven kan søke om Frifond-midlar gjennom Noregs Ungdomslag?
Lokallag som er medlemslag i Noregs Ungdomslag, og som oppfyller desse krava, kan søke om Frifond-midlar:
- Laget må ha levert årsrapport til Noregs Ungdomslag for 2021.
- Laget må ha oppdatert medlemsliste og betalt kontingent til NU sentralt 2022.
- Laget må ha rapportert på eventuelle mottekne Frifond-midlar for 2021.
- For å kunne ta i imot aktivitetstilskot (jf. punkt 4) må laget ha betalt kontingent for minimum fem medlemmar under 26 år.
- Lokallagskontingenten må minimum vere 50 kroner, og ved familiemedlemskap, må kontingenten minst vere på 100 kroner.
NB! Lokallag som er medlemmar av Norges Idrettsforbund kan etter overordna retningslinjer frå LNU ikkje få Frifond-midlar.
3. Søknadsskjema og søknadsfrist
Lokallaget søker NU sentralt om midlar for aktivitetstilbod til barn og unge heile laget, inkludert eventuelle undergrupper. Søknaden skal fyllast ut på eit eige skjema.
Søknadsfristen er 15. september 2023
Søknadsfristen skal kunngjerast minst tre månader i framkant, og som eit minimum gjennom informasjon på nettsida vår og i nyheitsbrev som går til alle lokal- og fylkeslag.
Retningslinjene skal gjerast tilgjengeleg for laga idet søknadsfristen vert kunngjort.
4. Fordeling av tilskot mellom laga som søker
Noregs Ungdomslag har tre ulike ordningar laga kan søke om Frifond-midlar til:
a) Oppstartstilskot. Fast beløp på kr 4 000 til nye lag, eller til lag som har færre enn fem teljande medlemmar, og som ønskjer å starte opp aktivitetar for barn og unge.
eller:
b) Aktivitetstilskot til laget sitt arbeid for barn og unge. Dersom laget tilfredsstiller krava under punkt 2, vil ein få utmålt eit tilskot etter følgjande prinsipp:
Grunnbeløp på kr 4 000.
Variabelt beløp per medlem under 26 år per 31.12.2021. Dette beløpet blir fastsett etter kor mykje pengar som er att i potten etter at prosjekttilskot (jf. pkt c), oppstartstilskot og grunnbeløpet er fordelt. For lag som har fått oppstartstilskot i 2021, og som ikkje har registrert medlemmar under 26 år per 31.12.2021, blir medlemstalet under 26 år per 1.9.2022 lagt til grunn for tildelinga.
I tillegg:
c) Tilskot til teaterprosjekt for barn og unge i laget. Med teaterprosjektet blir det meint framsyningar, kurs, turnear og større arrangement. 1/3 av deltakarane i prosjektet må vere under 26 år. Prosjekt som går i overskot utan tilskot frå Frifond, vil ikkje få tildelt tilskot. Den totale potten til teaterprosjekt er 200 000 kroner. Alle godkjente søknadar får tildeling, men støttebeløpet kan bli mindre enn søknadssummen dersom det totale søknadsbeløpet overstig potten på 200.000 kroner.
Laga må sende eigen søknad om prosjekttilskot med kort prosjektskildring og budsjett. Laget kan berre søkje om tilskot til eitt prosjekt. Lag som vil søkje prosjekttilskot til teaterarbeidet må også søkje oppstartstilskot eller aktivitetstilskot. Stønad til teaterprosjekt kjem på toppen av oppstartstilskot eller aktivitetstilskot. Laget må sende eigen rapport på tiltaket.
5. Behandling av søknad
Laga sender søknad om Frifond-tilskot til NU sentralt, og søknadane blir handsama administrativt, med unntak av prosjekttilskot til teater som blir handsama av arbeidsutvalet i NU. Fordelinga av tilskot blir gjort i tråd med punkt 4 i retningslinjene.
Laga får svar på søknaden seinast 10. desember. Utbetaling av tildelt tilskot vil skje seinast 31. desember 2023. Eventuelle avslag på søknader vil bli sendt ut på same tidspunkt. Oversyn over tildelte Frifond-midlar blir også kunngjort på NU sine nettsider.
Summen på det tildelte tilskotet kan ikkje klagast på, sidan dette er fastsett gjennom eigen fordelingsnøkkel som kjem fram i punkt fire i retningslinjene. Avslag og storleik på prosjekttilskot kan klagast på til styret i Noregs Ungdomslag. Klagefristen er 14 dagar.
Avslag på søknadar om Frifond-tilskot kan berre klagast på dersom laget som søker, meiner avslaget er gitt på feil grunnlag. Styret i Noregs Ungdomslag er klageinstans.
6. Bruk av tilskotet
Tilskotet skal gå til aktivitet i regi av lokallag. Lokallaga bestemmer sjølv korleis Frifond-tilskotet skal brukast så framt det er i tråd med Noregs Ungdomslag sine retningslinjer for tilskotet.
Sentralleddet kan ikkje legge føringar for lokallaga sin bruk av tilskotet, men tilskotet kan ikkje brukast til lønn, innsamlingsaktivitet, for å bygge eigenkapital, utanfor Noreg eller på ulovlege rusmiddel, alkohol og tobakk. Tilskotet skal ikkje tilbakeførast til sentralleddet, og skal ikkje brukast til å finansiere sentralleddet sin aktivitet.
Tilskotet må nyttast til lokal aktivitet for barn og unge som skjer i perioden 31.10.2022-31.10.2023, og midlane må vere brukt opp innan 31.10.2023. Lokallaga må i rapporten stadfeste at tildelte midlar i 2021 er brukt opp, før tilskotet for 2022 blir utbetalt. Dersom lokallaget ikkje har brukt midlane i løpet av denne perioden, får laget krav om tilbakebetaling av heile, eller den delen av tilskotet som ikkje er brukt opp.
Noregs Ungdomslag vil søkje LNU slik at eventuelle returnerte/tilbakekravde midlar kan fordelast som Frifond-tilskot i nye tildelingsrundar.
7. Rapportering på tildelt tilskot
Alle lag som får Frifond-midlar må rapportere til Noregs Ungdomslag om bruken av midlane, og kva aktivitet midlane har medført i laget.
Bruken av Frifond-tilskotet skal rapporterast på gjennom eit eige rapportskjema, som skal sendast til NU sentralt innan 1.12.2022. Her vil det vere eigne felt for rapportering på korleis Frifond-tilskotet er brukt. Det skal leggast ved rekneskap eller note frå rekneskapet der storleiken på motteke tilskot kjem fram, og der det tydeleg kjem fram korleis tilskotet er brukt.
Dersom laget har fått tildelt oppstartsmidlar, skal rapporten innehalde ein omtale av kva midlane har vorte nytta til, og ei vurdering av i kva grad ein har klart å auke aktiviteten for/talet medlemmar under 26 år.
Dersom laget har fått tildelt aktivitetstilskot skal rapporten innehalde ein omtale av kva Frifond-midlane har medført av aktivitet i laget. Rapportering av prosjektmidlar til teater skal førast inn i same rapportskjema.