Vaksenopplæringsmidlar
Studieforbundet kultur og tradisjon disponerer penger som blir løyvd til vaksenopplæring over statsbudsjettet. Noregs Ungdomslag er ein av medlemsorganisasjonane i studieforbundet, og dette gjer at alle lokal- og fylkeslag kan søkje om støtte derifrå.
Frå 2020 er støtta 100 kr per time med lærar og 40 kr per time utan lærar.
Endring frå 1.1. 2021
For å få kursstøtte, må kurset vere innmeldt hos studieforbundet på førehand, kurset må vere på minst 4 timar, og minst 4 deltakarar må ha møtt fram på 75% av kurset. For kurs med lærar, kan lærarenn reknast inn som ein av desse fire.Godkjent studieplan må være med i søknaden. Les meir og send søknad gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon sine nettsider:
