Vaksenopplæringsmidlar

Studieforbundet kultur og tradisjon disponerer penger som blir løyvd til vaksenopplæring over statsbudsjettet. Noregs Ungdomslag er ein av medlemsorganisasjonane i studieforbundet, og dette gjer at alle lokal- og fylkeslag kan søkje om støtte derifrå. 

Frå 2020 er støtta 100 kr per time med lærar og 40 kr per time utan lærar.

Endring frå 1.1. 2021
For å få kursstøtte, må kurset vere innmeldt hos studieforbundet på førehand, kurset må vere på minst 4 timar, og minst 4 deltakarar må ha møtt fram på 75% av kurset. For kurs med lærar, kan lærarenn reknast inn som ein av desse fire.Godkjent studieplan må være med i søknaden. Les meir og send søknad gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon sine nettsider: 

www.kulturogtradisjon.no 

Motivasjonsarrangement - Midlertidig ordning for fylkeslaga

Studieforbundet kultur og tradisjon har satt av 400 000 til ei midlertidig tilskotsordning for at regionale og nasjonale ledd kan arrangere motivasjonssamlingar. Har fylkeslaget ein god ide til eit arrangement som motiverer lokallag til å få opp igjen kursaktiviteten oppmodar vi dykk til å søke tilskot.

Søknadsfrist 01.06.2021.


Kven kan søke; fylkeslag, regionlag og sentrale medlemsorganisasjonar
Kva kan søkast til; fysiske og/eller digitale motivasjonssamlingar
Kven er målgruppa; ildsjeler, tillitsvalgte, kursarrangører og kurslærarar
Kva må innhaldet vere; faglig påfyll, motivasjon for å arrangere kurs
Varigheit; inga begrensning.
Kva tilskot kan ein få; Dette tilskotet kjem i tillegg til eventuelt vanleg kurstilskot. For digitale samlingar kan tilskotet pr samling vere maks 10 000,- (inklusive førebuingar) for fysiske samlingar kan tilskotet vere maks 20 000,-. Alle kostnadar takast med i budsjett som skal følge søknaden. Avkortning kan forekomme.
Kva må følge søknaden; Beskriving av samlinga, målgruppe og innhald, dato for gjennomføring og budsjett
Rapport og utbetaling; kort rapport med enkelt regnskap.


Les meir på Studieforbundets sider og last ned søknadsskjema.