Image

Frist for å melda interesse til Grønleik 2013 er 1. desember!

Du kan lese meir om stemnet på heimesida deira: www.nordlek.dk/greenleik2013 Image

 

For fyrste gong i historia skal Grønland vera med og skipa til eit nordisk folkedanstemne, og dette har fått namnet Grønleik. Ein kan lesa meir om stemnet på nettsidene deira: http://www.nordlek.dk/greenleik2013/.

 

På dette stemnet er det avgrensa med plassar og det gjer at ikkje alle som vil kan få delta. I utgangspunktet har me 20 plassar til disposisjon og dei lokale arrangørane på Grønland presiserar at deltakarane må kunna bidra med program anten i form av danseframsyning, å leia/ instruera dans eller bidra musikalsk.

 

Har du lyst til å vera med? Frist for å melde interesse til oss er 1. desember. 

 

Skriv ein søknad og send til halldis@ungdomslag.no. Fortel om deg og kvifor du vil reisa, kva dansebakgrunn du har, kva du kan tenkja deg å bidra med og kvifor akkurat du skal bli vald ut. Folkedansrådet vil velja ut kven som får vera med utifrå kompetanse, alder, geografisk spreiing, og generelt inntrykk. Grupper/lag kan også søkja!

 

Pris: Det er deltakarane sjølve som dekkjer alle kostnader! Her fylgjer eit prisoversyn for stemnet.

 

 

Alle prisane er i danske kroner.

 

Stemneavgift                                  kr. 1050

Flatseng skule inkludert frukost  kr. 210 pr. døger

Kveldsmat/middag                              kr. 120 pr. dag

NB!  Ved skuleovernatting må ein ha med frukost

 

Ulike val:

Felles grillfest på fjellet med grønlandske mat    kr. 125

Felles nattmat etter kulturkveld kr.  75

Avsluttingsfestmiddag                                         kr. 250

 

 Alternativ overnatting:

Ein må sjølv kontakta vandrarheim og hotell direkte.

Hotel Arctic    http://www.hotel-arctic.gl/    

Hotel Icefjord  http://www.hotelicefiord.gl/

Ilulissat Vandrerhjem  http://www.ilulissathostel.dk/

Her er det fleire moglegheiter! Søk på nettet!

 

Turar under opphaldet

Turar skal tingast direkte hjå Turistbyrået i Ilulissat 

Sjå moglegheiter og prisar på www.worldofgreenland.com.

Det finst også fleire som tilbyr turar i området. Finn dei ved å googla “Ilulissat”

 

I tillegg finst det ei rekkje vandreturar på merka turar som kan klarast utan guide. Desse er gratis og ein treng ikkje tinga i førkant.

 

Reise til Grønleik:

Det har ikkje vore mogleg å oppnå grupperabatt hjå Air Greenland for reisa frå København til Ilulissat. Rimelegaste løysinga er at einskildpersonar tingar reise direkte hjå flyoperatøren, www.airgreenland.gl. I tillegg kjem reisa til Købehavn frå Noreg.

 

Me har også fått tips om at www.vejle-reiser.dk er gode på gruppereiser til Grønland.

 

 

 

 

 


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign