Hopp til hovedinnhold

Ungdomshus

Mange av ungdomshusa er midtpunkt i grender og bygdelag og fungerer som motvekt til sentralisering. Dei bidreg òg til auka bulyst i distrikta. Det er viktig å ivareta desse husa og utvikle dei vidare.

Mjeldalen Ungdomslag, gåvetilskot, Sparebanken VestMjeldalen Ungdomslag, gåvetilskot, Sparebanken Vest

Ungdomshusa som arena for kulturaktivitetar

Kvar dag legg frivillige i laga våre ned eit stort dugnadsarbeid for å ivareta og utvikle det lokale kultur- og samfunnslivet. Mykje av dette arbeidet skjer i lokale, organisasjonseigde ungdomshus.

Ungdomshus, born, dans, aktivitetarUngdomshus, born, dans, aktivitetar
Ungdomshus, born, dans, aktivitetarUngdomshus, born, dans, aktivitetar

Kurs og opplæring

Gjennom Huset i Bygda arbeidar NU for å løfte dei organisasjonseigde kulturhus som viktige kulturarenaer, og utvikle møtestader og verktøy som kan gjere dei lokale laga til meir kompetente huseigarar. Mellom anna tilbyr vi kurs og rettleiing til organisasjonseigde kulturhus og vi arrangerer hussamlingar og kulturhuskonferansar. Har laget behov for å få ein instruktør til å halde kurs eller få innspel til korleis drifte huset, så kan gjesteinstruktørordninga vere aktuell.

Ein viktig del av Huset i Bygda er å kartlegge alle organisasjonseigde kulturbygg i Norge, slik at desse kan samlast i ein eigen husbase

Vi arrangerer òg kulturhuskonferansar, retta mot både huseigarar, politikarar og offentleg forvalting. Her finn du innlegg frå konferansen i 2023.

Fleire fagfelt