Image

Ledig stilling som prosjektleiar for Bygda dansar i Akershus

 

Våren 2014 startar folkedansprosjektet Bygda dansar opp i Akershus. Prosjektet skal gå over tre år, og søkjer etter prosjektleiar og medarbeidar. Dei vil få det daglege ansvaret for planlegging og gjennomføring av prosjektet.

 

Målgruppa for prosjektet er ungdom mellom 15-19 år. Ungdomane vert rekruttert gjennom mellom anna skulebesøk. Lokale øvingar vil bli etablert og fleire helgesamlingar på fylkesnivå vil bli gjennomført. – Det er viktig å skape gode relasjonar til deltakarane, kunne inspirere og motivere dei, seier prosjektkoordinator Gro Marie Svidal ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Det skal vere sosialt og morosamt å vere med, samstundes som deltakarane skal få rettleiing og undervisning som gjev dei gode føresetnader til å ta dansen med seg vidare. Personleg rettleiing og fordjuping i danseformer og teknikk er kjennemerke for Bygda dansar.

 

- Vi ønskjer at så mange som mogleg vil søkje desse stillingane. Arbeidet i Bygda dansar er variert og har mellom anna som målsetjing å sikre at Noreg til ei kvar tid har gode unge tradisjonsberarar som kan føre den nasjonale og lokale dansearven vidare. Arbeidet inneheld både instruksjon av dans og analytisk arbeid med arkivmateriale. Prosjektleiar og medarbeidar vil jobbe saman med fagpersonar ved sentret og ressurspersonar lokalt i Akershus, for å utvikle idear og teknikkar for undervisning og formidling. Det er eit fagleg spanande arbeid som skal resultere i minst ei scenisk framsyning, seier Svidal.

 

Den lokale dansetradisjonen i Akershus står sentralt i prosjektet. – Den siste tida har samarbeidsorganet for folkemusikk og folkedans i Akershus, SAFFA, arbeida med å blåse liv i eldre danseformer. Arbeidet vil bli ført vidare og forsterka gjennom Bygda dansar-prosjektet. – Det er flott at  danse- og musikktradisjonen i Akershus vert styrka, og Norsk senter for folkemusikk og folkedans ser fram til å bidra vidare i arbeidet gjennom Bygda dansar, seier Svidal. Dei som skal arbeide dagleg med prosjektet, har mykje god dans å sjå fram mot, meiner Svidal.

 

Bygda dansar er eit nasjonalt prosjekt som vert gjennomført fylkesvis. Prosjektet i Akershus er det niande i rekka. – Vi har Bygda dansar-prosjekt i Hedmark, Telemark og Vest-Agder og den totale prosjektstaben består av sju personar. Når Akershus kjem i gang vert staben utvida til ni. Saman med andre fagpersonar ved sentret, er det eit solid team som jobbar med folkedans både som samværsdans og scenisk dans, avsluttar Svidal.

 

Fakta:

Bygda dansar er utvikla og eigd av Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Prosjektet har som målsetjing å styrkje folkedans som kulturarv, kunstnarleg uttrykk og samværsform. Målsetjingane er fleiredelt: Først og fremst skal prosjektet sikre at landet til ei kvar tid har gode frilans tradisjonsdansarar, dansepar og ensemble frå mange regionar. Dei skal kunne syne pardans og halling i ulike samanhengar, som del av kulturarven vår, og som del av eit profesjonelt dansefelt. Vidare søkjer prosjektet å utvikle nye idear og teknikkar for formidling, presentasjon og undervisning av og i folkedans.

 

Sjå utlysingstekst her: http://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/99095/prosjektleder-og-prosjektmedarbeider-i-bygda-dansar-akershus

 

For info kontakt: Gro Marie Svidal, gro.marie.svidal@ntnu.no, 900 85 207


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign