Image

Kven veit? 2016

 Kven veit? er ei kunnskapstevling der deltakarane får teste allmennkunnskapane sine, og vi har to klasser: Junior Kven veit? for dei
opp til 14 år og Senior Kven veit? for vaksne over 14 år. Gjennom tre tevlingsrundar svarar deltakargruppene på spørsmål om til dømes politikk, kultur, sport, underhalding og det som er temaet for tevlinga.

Kven Veit? er både eit opplegg for studiering og ei kunnskapstevling. I tevlingsrundane svarar laga på spørsmål henta dels frå temaet
og dels frå allmennkunnskap. Du finn meir informasjon om reglane for vaksenopplæring på heimesidene til Studieforbundet kultur og tradisjon.

Image   Image  Image  Image 

DELTAKARAVGIFT
Deltakaravgifta for Senior er kr 450 for kvar gruppe i tillegg til kr 65 per deltakar for studiemateriell. Vi gir rabatt til lag med mange grupper. Deltakaravgifta er frå og med fjerde gruppa kr 300.
Deltakaravgift for Junior er kr 300 for kvar gruppe, og studiemateriellet er gratis.

VIKTIGE DATOAR:
• 10. januar: Påmeldingsfrist for laga
• Veke 8: 1. tevlingsveke
• Veke 11: 2. tevlingsveke
• Veke 14: 3. tevlingsveke
15. april: Kåring av vinnar

Konkurransereglar finn du her

Påmeldingsfristen var 10. januar.



Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign