Image

Kven veit? Resultat etter første runde 2017

 

Resultat etter første runde er no klar, og Bergen Ungdomslag Ervingen lag C og Vågå Ungdomslag leier med 28 poeng! Men Bergen Ungdomslag Ervingen lag B, BUL Tromsø Folkedanslaget, Hordalaget i Oslo og Røros Folkedanslag ligg hakk i hæl med 27 poeng.

Hos juniorane leiar Fjærland UL med 28 poeng over Kyrkjebø UL med 25 poeng.

Les resten av resultatlista her.

 

RESULTATLISTE SENIOR RUNDE 1

 

 

RESULTATLISTE JUNIOR RUNDE 1

 

 

Protestar frå deltakarlaga

Etter første runden har vi motteke protest frå Vågå Ungdomslag på spørsmålet:

3.2. Kor gamal må ein vera for å jakte småvilt?

Fasiten var: 16 år

Vågå UL påpeika at det er  er lov frå man er 14 år om man er i følge med vaksen. 

Vi ser at spørsmålet er formulert slik at det ikkje er klart at det er når ein har lov til å jakte åleine, og har difor gitt poeng og til dei laga som har svart 14 år. 

 

Oppmoding til tevlingsleiaren: i fasiten står det kor mykje poeng dei ulike spørsmåla kan gi (og kva som kan gi bonuspoeng). Ikkje gløym å opplyse laga om dette når de stiller spørsmåla.


 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign