Image

Image


Dersom ein leitar på nettet så finn ein få profesjonelle dansefilmar som har folkedans eller tradisjonsdans som utgangspunkt. Då NU skulle køyra i gang talentprosjektet Sans for dans så ville me gjera det ved å nettopp fokusera på dansefilm!

 

Å køyra talentprosjekt med film som fokus og produkt, er vesentleg forskjellig frå å ha scene som utgangspunkt. På film har ein sjanse til å byggja opp historia på ein annan måte, ein kan tenkja kameravinklar og nærbilete. Det er også mykje som må klaffa der og då, og dersom ein får dårlege opptak så er det lite å gjera med det i etterkant.

Produksjonsapparatet rundt sjølve innspelinga er også stort, med folk på lyd, ljos og sminke, i tillegg til kamera.

 

I prosjektet hadde ein fire samlingar. To samlingar der ein planla musikk og dans, ei helg for å spela inn musikk i studio og fire dagar med sjølve filminnspelinga. På desse dagane spelte ein inn på rundt ti ulike stader, med fem ulike filmidéar. Utfrå desse fire dagane kjem altså den største dansefilmproduksjonen med folkedans nokonsinne og det er me stolte av!

 

Koreografar i prosjektet var Halldis Folkedal og Sigurd Johan Heide. Musikalsk ansvarleg var Nina Fjeldet.

 

Med i prosjektet var: Dina Bruun, Tone Ingvaldsen, Julie Barsøe Larsen, Mathilde Øverland, Anita Langødegard, Simon Hesselberg Løvald, Knut Bergan Nedregård, Sigrid Vaskinn, Raphael Audebert, Lina Rebekka Kobberstad og Ingeborg Hollekim Bringslid.

 

Filmane har premiere 20. mars på Riksscenen i Oslo og vil etter premiera verta offentleggjort på NU sin Vimeo kanal


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad

Design og publiseringsløsning: mpDesign