Hopp til hovedinnhold
Nyheiter

Desse får midlar av akademifondet i 2024

På landsmøtet i dag vart det offentleggjort kven som får tildelt midlar, av Angelina Christiansen frå Folkehøgskoleforbundet.

Akademifondet delar ut 1.105 kroner.Akademifondet delar ut 1.105 kroner.

Oversikt over mottakarar av akademifondmidlar.

Folkeopplysning, mål- og kulturarbeid

Noregs Ungdomslag delar i 2024 ut midlar frå Akademifondet til tiltak innan folkeopplysning, mål- og kulturarbeid. Både enkeltmedlemmar, lokallag og fylkeslag i Noregs Ungdomslag har hattmoglegheit til å søke om opptil 100 000 kroner.

Søknadsfristen var 11. februar, og i søknadane er det lagt fram både planar og budsjett. For at søknadane skulle verte godkjende måtte det som informert verte sendt inn både rekneskap og rapport.

Angelina Christiansen legg fram oversikta over kven som får midlar frå akademifondet.Angelina Christiansen legg fram oversikta over kven som får midlar frå akademifondet.
Angelina Christiansen legg fram oversikta over kven som får midlar frå akademifondet.

Kva er Akademifondet?

Akademifondet til framhjelp for norsk kulturreising blei oppretta som ei sjølveigande stifting etter at Rauland Folkehøgskule og Akademi blei lagt ned i 1988. Det var dei tre organisasjonane Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Folkehøgskuleforbundet som skipa skulen i 1973, og det var idégrunnlaget til desse organisasjonane som prega miljøet og drifta ved skulen.

Skulen blei raskt eit kultursenter i Raulandsbygda, særleg etter at Akademidelen fekk linjer for folkekunst. Når skulen blei lagt ned gjekk bygningane over til Raulandsakademiet AS, og folkekunstutdanninga heldt fram som del av Høgskulen i Telemark, no Universitetet i Søraust-Noreg. Her kom det seinare eit studietilbod i folkemusikk, og frå 2024 kjem det studietilbod i folkedans. På dette viset er Akademiet framleis ein viktig kulturfaktor i Rauland.

Frå statuttane for Akademifondet:

§5: Utdeling frå fondet

Akademifondet skal gje støtte til tiltak innan t.d. folkeopplysning, mål- og kulturarbeid. Så vel privatpersonar som lag, organisasjonar og institusjonar kan søkje om utdeling frå fondet.

Fondet kan på eige initiativ gje påskjønning til personar, lag, organisasjonar og institusjonar som fondsstyret meiner har gjort eit verdifullt arbeid.

Søkjaran skal leggje fram planar og budsjett. Fondet skal krevje rekneskap og rapport. Midlane kan krevjast attende dersom tiltak ikkje vert gjennomført eller midlane bevisleg har vore nytta til anna enn føresett.

§6: Søknadsfrist og utdelingstidspunkt

Søknadsfristen er 31.3 kvart år. Utdeling frå fondet skjer ved ei høveleg tilskiping i ein av dei tre organisasjonane t.d. årsmøtet.

Fleire aktualitetar

Sjå alle