Hopp til hovedinnhold
Reportasje

Sjekk bunaden, på bunadskafé

51 bunadsentusiastar samla seg til bunadskafé i Fuglesalen på Stavanger Museumtorsdag 22. februar. Tema for kvelden var «Sjekk bunaden», der alle vart invitert til å komme med det dei måtte lure på av både stort og smått. Unge og gamle samle seg denne kvelden, og både NRK Rogaland og Norge i dag tok turen til dei stemningsfulle lokala til Stavanger Museum.

Lene Storhaug og Målfrid Grimstvedt studerar ei bunadstrøye frå Rogaland medan ein kameramann filmar over skuldra deira. Lene Storhaug og Målfrid Grimstvedt studerar ei bunadstrøye frå Rogaland medan ein kameramann filmar over skuldra deira.

Sjekk bunaden-dagen

Generalsekretær Magni Hjertenes Flyum og kulturrådgjevar Lene Storhaug frå Noregs Ungdomslag deltok også denne kvelden. Dei var der for å lansere den nye nettsida www.sjekkbunaden.no. Sida er ein del av ein kampanje med same namn, der Noregs Ungdomslag oppfordrar bunadseigarar til å bruke nettopp 22. februar som startdato til å ta fram bunaden sin.

–På sjekkbunaden.no finn du bunadstips frå leiande bunadsekspertar og informasjon om komande bunadsarrangement, fortel Lene Storhaug, og legg til at datoen er ein merkedag, då det er bursdagen til sjølvaste Hulda Garborg.

På nettsida sjekkbunaden.no ligg det mange gode tips om blant anna flekkfjerning, korleis du skal pusse sølvet og korleis det er lurt å oppbevare bunaden.

–Mange er redde for å gjere enkle represjonar på bunaden sin, eller syns det er skummelt å handtere vanskelege flekker, i tilfelle noko blir øydelagt, seier Storhaug.

Ho meiner respekten for bunaden har ein tendens til å bikke over i berøringsangst, og vi endar opp med to ting; anten brukar vi bunaden på tross av hol, skitent sølv eller dårleg passform, eller så lar vi den bli hengande ubrukt i skåpet.

– Med denne nettsida håpar vi at fleire vil føle seg tryggare på å gjere klar bunaden sin sjølv, slik kan du og få eit større eigarskap til eigen bunad, avsluttar Storhaug.

Ja til bunadskafé

Bunadskaféen blir drifta av Bunadsnettverket i Rogaland, som er sett saman av Rogaland husflidslag, Husfliden Stavanger, Nordaker bunader, Bunadsnemda i Rogaland Ungdomslag og Husflidskonsulenten i Rogaland. Dei har arrangert bunadskafé her månadleg, og har gjort det i omlag ti år.

–Det er ny rekord på tal gjestar på bunadskaféen vår i kveld, fortel Målfrid Grimstvedt som er medlem i Bunadsnemnda til Rogaland Ungdomslag, før ho fortel vidare om bunadskaféen.

Nokre kveldar har dei fokus på spesielle tema, til dømes kniplingsbroderi. Dei har ofte med seg representantar frå Husfliden og Nordaker bunader, som stillar seg til disposisjon dersom nokon treng hjelp.

I forkant av denne kvelden hadde folk fått beskjed om å ta med bunaden sin, dersom det var noko dei trong hjelp til. Dette var det fleire som hadde dratt nytte av denne kvelden. Blant anna var dei ein av dei oppmøtte som hadde med seg ei gamal bunadsskjorte frå 60-talet. Den var sydd på ein anna måte enn dei som blir sydd no, og ho ville gjerne vite om det var lov å bruka denne. Ville ho bli «arrestert av bunadspolitiet»?

–Det strengaste bunadspolitiet er gjerne oss sjølve, tryggar William Riedlinger som jobbar som Husflidskonsulent i Rogaland ho om.

Mange av gjestane hadde med seg sitt eige broderiarbeid, og fekk god hjelp frå både kvarandre og ekspertgjestane. Ei av gjestane kunne fortelje at ho hadde vore på kaféen før jul og hadde hatt det så triveleg med dei ho møtte då, at ho gjerne ville tilbake for å treffe dei igjen.

–Det er fleire strikkekaféar rundt om i landet, seier Grimstvedt, men ikkje så mange bunadskaféar.

Dette ynskjer Noregs Ungdomslag å gjere noko med, og oppfordrar lokallag rundt om i landet til å arrangere sine eigne bunadskaféar. I uke 10 held vi derfor eit nettmøte om bunadskaféar, der vi skal gje tips til korleis du kan arrangere bunadskafé på din heimplass.

Fleire aktualitetar

Sjå alle