Søk om ein gjesteinstruktør
Skal de arrangere kurs i teater eller dans og vil ha besøk av ein instruktør? Søk innan 12. november på gjesteinstruktørordninga vår for kurs våren 2024.
Lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag (NU) kan få besøk av ein gjesteinstruktør til å halde helgekurs i laget sitt. Ein kan velje mellom kurs i dans/musikk eller teater.
Laget betalar ein eigenandel på kr 5000 og NU betaler honorar, reise, diett og overnatting for instruktøren. Laget må sjølv organisere kurset, stille med lokale, ordne med påmelding mm, medan NU tek kontakt med instruktør og lagar kontrakt med denne.
Kriterium:
- Kurset skal vare i minimum 8 klokketimar
- Laget skal melde inn kurset til Studieforbundet kultur og tradisjon dersom det er meir enn 3 deltakarar over 14 år
- Laget må vere medlem i Noregs Ungdomslag
- Laget må ha levert årsrapport for føregåande år og ha registrert sine medlemmar i medlemssystemet for inneverande år
- Laget må sende inn søknad innan den gjeldande fristen
- Søknader som kjem inn etter søknadsfrist vil ikkje verte vurdert
- Søknader som kjem via e-post/telefon/brev vert ikkje vurderte utan særskilt avtale
Fristar:
Søknadsfristen 12. november 2023 gjeld for kurs som blir gjennomført i januar-juli 2024.
For organisasjonskurs har vi ikkje frist.
Skjema for fristen 1. mai 2024 vert gjort tilgjengeleg etter 12. november 2023 og gjeld for kurs hausten 2024.
Kontaktinfo dans: solveig@ungdomslag.no / 47 39 87 64
Kontaktinfo teater: mona@ungdomslag.no / 24 14 11 14
Kontaktinfo organisasjon: alf.steinar@ungdomslag.no / 24 14 11 16
Fleire aktualitetar
Sjå alleVinnarar av kven veit 2024!
Årets vinnarar av kven veit er kåra. Tema for både quizzen og bildekonkurransen var eurovision. Sjå resultatlista ved å klikke her.
20. april 2024
Leiar si opningstale til landsmøtet 2024
Landsmøtet 2024 er opna, og her er leiar Torbjørn Bergwitz Lauen si tale til landsmøtet.
20. april 2024
Søknadskurs - Kva gjekk du glipp av?
Før landsmøtet hadde Christoffer Knagenhjelm eit seminar om søknadsskriving. Her kjem nokre av tipsa han ga.
20. april 2024