Hopp til hovedinnhold

Tilskotsordning

Frifond

Har lokallaget fem eller fleire medlemmar under 26 år, og eit aktivitetstilbod til desse? Då kan de søke Frifond!

Det er no tid for å rapportere på tilskot motteke i 2022, les meir om det her.

Frifond er ei stønadsordning oppretta av Stortinget, for å betre rammevilkåra for kulturarbeid for barn og unge, og ein av medlemsfordelane med å vere lokallag i Noregs Ungdomslag. Lokallaget kan søke om aktivitetstilskot eller oppstartstilskot til barne- og ungdomsaktivitet i laget gjennom Frifond. I tillegg kan lokallag søke prosjekttilskot til teateraktivitet for same målgruppe.

Oppstartstilskotet er eit fast beløp på 4 000 kr. Dette er til nye lag, eller til lag som har færre enn fem medlemmer under 26 år, og som ønsker å starte opp aktivitetar for denne aldersgruppa.

Har laget minimum fem medlemmar under 26 år, og aktivitetstilbod til denne aldersgruppa, kan laget søke aktivitetstilskot. Tilskotet har eit grunnbeløp på 4 000 kr og eit variabelt beløp per medlem. I 2021 var dette beløpet 380 kroner per medlem. Så eit lag som søkte Frifond med ti medlemmer under 26 år fekk 4 000 + 3 800 (380 x10) = 7 800 kroner ekstra til å bruke til barne- og ungdomsaktivitet i laget.

Merk: Tilskotet skal gå til aktivitet for barn og unge under 26 år, og det må gå fram av rekneskapen at tilskotet faktisk er brukt til aktivitet for born og unge.

Årets søknadsfrist har gått ut.

Retningslinjene for tildelinga av midlar vert vedtatt av styret i NU. Lokallaga må difor lese gjennom retningslinjene før ein sender søknad, for å fange opp eventuelle endringar.

Retningslinjene for Frifond 2023 til nedlasting, finn du her.

Tidlegare tildelingar av Frifondmidlar:

Fleire tilskotsordningar

Sjå alle
tilskot, søknad, midlar, prosjekt, barn, ungdom, aktivitetartilskot, søknad, midlar, prosjekt, barn, ungdom, aktivitetar
  • Teater
  • Folkedans
  • Levande kulturarv
  • 1. april 2023
  • 1. oktober 2023
  • 1. august 2023
  • 1. desember 2023
  • 10 000 - 500 000

Sparebanken Vest

Sparebanken Vest har fleire ulike støtteordningar, med ulike tema og nedslagsfelt

tilskot, søknad, midlar, prosjekt, barn, ungdom, aktivitetartilskot, søknad, midlar, prosjekt, barn, ungdom, aktivitetar
  • Teater
  • Folkedans
  • Bunad og handverk
  • 28. august 2023
  • 1. mars 2023
  • 20 000 – 50 000

Fond for lyd og bilde

Godgjørelse til rettighetshavere for kopiering til privat bruk som skjer frå videogram og fonogram, og for å fremme produksjon og formidling av innspelingar i lyd og/eller bilete.

  • Ungdomshus
  • 5. desember 2023
  • 50 000 - 1 000 000

ARENA - tilskuddsordning for bygg og infrastruktur

Ordninga skal medverke til at det profesjonelle prosjektbaserte kunst- og kulturfeltet i heile landet innan biletkunst, scenekunst, musikk, litteratur, tverrkunstneriske uttrykk og det frie kulturvernet har tilrettelagt, berekraftig og hensiktsmessig infrastruktur for produksjon, formidling og faglag utvikling.