Image

Sjølvtillit

Bilete av teaterjenteI organisasjonslivet kjem ein stadig bort i nye og kanskje litt skumle situasjonar.

Ei undersøking viser at fleire er meir redde for å tale i store forsamlingar enn for å døy! Kvifor spring nokon på talarstolen så snart det byr seg eit høve? Kva må til for å våge å ta opp telefonrøret, slå nummeret til ein stortingsrepresentant og fortelje at ”no må nokon snart få skikk på denne kulturpolitikken!”? Kvifor tør nokon å stå i spissen for eit ungdomslag? Svaret ligg nok nær ordet sjølvtillit.

Under dette emnet er det viktig å få kursdeltakarane til å kaste seg ut i nye situasjonar, oppleve meistring og sjølv finne fram til svara. Det er derfor tatt med ein del bakgrunnsstoff om det å tale i forsamlingar, men først og fremst finn du oppgåver deltakarane kan bryne seg på.

Emnet er delt i to deltema:
  • Sjølvtillit og respekt
  • Ta ordet!

Last ned: presentasjon (.pdf)


Last ned: teori (.doc)

Ta kontakt for å få dokumenta i andre format.


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign