Image

Landsmøtet 2015

Noregs Ungdomslag sitt landsmøte blir halde på Quality Hotel 33 i Oslo, laurdag 18. og søndag 19. april. Deltakarane blir samtidig invitert til å delta på ulike faglege seminar fredag og laurdag.

Påmeldingsfristen til landsmøtet er 20. mars, og det er to ulike skjema som må sendast inn:

1. Fullmaktsskjema, som stadfester at personane har fullmakt til å representere laget 
Dette kan sendast inn direkte på nett gjennom denne lenka
Skjemaet kan og sendast inn som eit fysisk dokument. Her finn du lenke til word-dokumentet du då fyller ut.

2. Påmeldingsskjema frå kvar utsending, der ein melder seg på dei ulike seminara
Påmeldingskjemaet kan fyllast inn direkte på nett gjennom denne lenka. *
Skjemaet kan og sendast inn som eit fysisk dokument. Her finn du lenke til word-dokumentet som då skal fyllast ut.

* Lenka til påmeldingsskjemaet, om du vil sende denne på epost til utsendingen slik han/ho kan melde seg på direkte: http://goo.gl/forms/8YQaepa4q0

Adresse for innsending av fysiske skjema er post@ungdomslag.no, evt NU, postboks 414 sentrum, 0103 Oslo.

Timeplan og saker til handsaming:
Under www.ungdomslag.no/lm er all praktisk informasjon om landsmøtet lagt ut. Her finn du m.a. sakliste med lenker til saksdokument, samt praktisk informasjon om landsmøtehelga.
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign