Image

Kronikk: Etter valet 2015 - kva med ungdomshusa?

Kommunesamanslåing, eigedomsskatt, skule og eldre skapte høge og heite debattar over heile landet. Men kvar vart det av debatten for å sikre gode øvingslokaler til barn og ungdom? Kva vil kommunen gjere for at det skal vere enklare å drifte eit organisasjonseigd kulturhus? Og når kulturmidlane blir redusert, kven skal då støtte opp om lag og foreiningar? No som valvaka er over, er det på høg tid å minne politikarane på at grasrota og treng pleie når budsjetta skal leggast for den neste perioden.

Aktivitet i kvar ei krå, både til kvardags og fest. Eit ungdomshus og lagshus rommar det meste. Desse husa har gjerne ein lågare dørterskel for kven som får låne sal og scene, enn dei litt større og nyare kulturhusa i kommunen. Og leigekostnaden er overkomeleg for dei fleste. Før valet i haust blussa kulturhusdebatten opp igjen. Nye, flotte kulturhus er ofte dyre å leige, og gjerne ikkje det frivillige organisasjonar treng for å drive den daglege aktiviteten. Men kulturnoreg treng begge deler. Ungdomslag som i arrangement veks ut av eige hus, treng kulturhusa når dei skal slå på stortromma. Kulturhusa fører til løft i kommunen og regionen, men ungdomshusa og andre organisasjonshus er grunnlaget, og der dei aller fleste finn sin plass dagleg.

I eit ungdomslag er budsjetta ofte relativt små, og tusenlappar betyr mykje i forholdet pluss og minus i budsjettet. Mange kommunar har lite pengar og sjølv om velvilja er til stades for å støtte frivillige organisasjonar, er ofte ikkje pengane til stades. Ungdomslag som eig ungdomshus tek ofte eit felles ansvar. Dei rommar andre organisasjonar, er limet i bygda og huset ein søkjer til i festlege og alvorlege samkomer. Kommunen kan rimeleg enkelt hjelpe desse husa, gjennom å sjølv dekke dei kommunale avgiftene. Det vil vere eit svært effektivt og målretta tiltak som alle kommunepolitikarane sjølv kan ta ansvaret for.

Kultur skjer der folk er. Skal ein skape levande lokalkultur bør rammevilkår for organisasjonseigde kulturbygg betrast. Dette kan lokalpolitikarane vere talspersonar for. Og minne sentrale politikarar om at frivillig arbeid og organisasjonsliv ikkje er gratis, sjølv om det er svært effektiv bruk av offentleg stønad. Lag som eig hus betaler moms på oppgradering av husa sine. Dette er ein effektiv brems for utvikling av ungdomshusa. Og det er i utakt med engasjementet elles at staten krev inn dette.

Lokalt næringsliv bidreg ofte og raust med materialer, rabattar og handverk. Bygdefolket bidreg gjennom dugnadar og kronerulling. Systema er der. Me får momskompensasjon for driftutgiftene våre. Kommunen får att momsen når dei bygger kulturhus.

Me i Noregs Ungdomslag vil fortsette å jobbe for at momskompensasjon også skal gjelde for oppgraderingar av organisasjonseigde kulturbygg. Me vil også jobbe for at kommuane er med på spleiselaget som eit levande kulturtilbod er avhengig av. Nemleg at kommunen tek kostnaden med kommunale avgifter.

For dugnad åleine kan ikkje halde aktiviteten i kommunen oppe. Og det er på tide at dei frivillige organisasjonane ikkje berre er glasuren på kulturkaka i kommunen, men og får ein del av ho.

Endre Kleiveland
styreleiar Noregs Ungdomslag


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign