Image

Kompetanseheving for amatørteaterfeltet

Har du, eller nokon du kjenner lyst til å utvikle seg som teaterinstruktør? Studieforbundet kultur og tradisjon jobbar på vegne av Frilynt Norge, Noregs Ungdomslag og Norges Amatørteaterforbund med å skreddarsy ei ny instruktørutdanning som svarar til behova og ynskja hjå lag, grupper og instruktørar. Vi skal kartlegge tilgangen på teaterinstruktørar for dei ulike teaterlaga rundt om i Noreg, og om det er behov for ei felles opplæring for teaterinstruktørar i form av ei grunnopplæring eller ei vidareutdanning. Prosjektet er ein del av eit større utviklingsarbeid oppstarta på amatørteaterfeltet.

 Undersøkinga er frivillig, men håpar du vil bruke 3-4 minuttar av di tid til å svare oss slik at vi får så godt eit bilete som råd av behova og ynskja ute i amatørteaterfeltet. Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med ein av organisasjonane i samarbeidet, eller Studieforbundet kultur og tradisjon.

UNDERSØKINGA FINN DU HER


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign