Image

– Språksamlingane til Vestlandet

 

RESSEMELDING NYNORSK KULTURSENTER:

Saka om språksamlingane og vitskaplege ordbøker blir løyst. Kunnskapsdepartementet har bestemt at Universitetet i Bergen tek over språksamlingane frå Universitetet i Oslo, seier ein nøgd direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. Han takkar politisk leiing i Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet for viljen til å ordne opp, og språkvitskaplege miljø over heile landet for avgjerande samarbeid.

Nynorsk kultursentrum har arbeidd mykje med saka. – Anar vi ein sjanse til resultat, gir vi oss ikkje, og dette tok trass alt berre eit år. No gler vi oss på vegner av språkforskarane og alle som bruker ordbøker, seier Ottar Grepstad. Det står att å avklare mange praktiske spørsmål. Der har Universitetet i Bergen hovudrolla saman med Høgskulen i Volda. – Vi gratulerer rektorane i Volda og Bergen og er trygge på at dette finn dei ut av.

– Det er styret som har spikra retning og mål, seier Grepstad. Han trur dei nådde fram gjennom ein samordna aksjon der dei kombinerte faglege argument, ein brei allianse av språkvitskaplege miljø, mange brev og avisoppslag, og samtalar med statsrådar, partileiarar og komiteleiarar. Saman med styret har han også drege vekslar på det nettverket som dei 24 stiftarane i Nynorsk kultursentrum utgjer. – Å halde på slik inneber ein fare for at nokon går lei, men i denne saka har både stortingsfleirtal og opposisjon brydd seg, seier Grepstad.
I fjor haust skipa Nynorsk kultursentrum ei ordbokgruppe med representantar for seks universitet og høgskular og Det Norske Samlaget for å drive fram ei løysing. På eige initiativ utgreidde Nynorsk kultursentrum både ei fagleg og ei økonomisk minimumsløysing. – Gjennom 14 møte i ordbokgruppa på eitt år har vi bygt opp ein sterk fagfellesskap, og før helga slo ordbokgruppa fast at dei ønskjer å utvikle den fellesskapen vidare, opplyser Grepstad.

Nokre av dei praktiske spørsmåla som no skal løysast, er kva samlingar det er som skal overførast, kvar skal dei plasserast i Bergen, kor mykje pengar som skal følgje med og korleis desse blir forvalta. – Dette har Nynorsk kultursentrum lite med, seier Ottar Grepstad. Han er oppteken av at arbeidet med språksamlingane og vitskaplege ordbøker no får ein overbygning som fremjar samarbeid mellom institusjonar og sikrar publikumsinteressene.

– I utgreiinga i fjor gjekk vi inn for ei referansegruppe eller eit råd som kan fylle ein slik institusjonsuavhengig funksjon. Samarbeidet i ordbokgruppa har vist kor verdfull ein slik overbygning kan vere, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Les og meir på nettstaden til Norsk Ordbok 


 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign