Image

Landsmøtehelg i Oslo, 22.-24. april 2016

Lokallaga og fylkeslaga i Noregs Ungdomslag er kalla inn til landsmøte, laurdag 23.- søndag 24. april 2016.

Møtet blir halde på Clarion Hotel Royal Christiania, rett ved Oslo sentralstasjon (sjå kart).
  • Det formelle landsmøtet startar laurdag, men det er lagt opp til fagleg og kulturelt program alt frå fredag.
  • Deltakarane blir invitert til å delta på ulike faglege seminar både fredag og laurdag.
  • Det er også reservert billettar til teaterframsyningar på Det Norske Teatret som deltakarane kan bestille til fredag kveld.

Fullmaktsskjema frå lokallaget eller fylkeslaget

Gjennom dette skjemaet stadfester laget kven som har fullmakt til å representere laget på møtet. Dette kan sendast inn direkte på nett gjennom denne lenka. Skjemaet kan og sendast inn som eit fysisk dokument. Her finn du lenke til word-dokumentet du då fyller ut og sender til NU.
 

Påmeldingsskjema frå kvar utsending,

Gjennom dette skjemaet melder kvar enkelt utsending seg på dei ulike seminara, bestiller overnatting etc. Påmeldingskjemaet kan fyllast inn direkte på nett gjennom denne lenka * Skjemaet kan og sendast inn som eit fysisk dokument. Her finn du lenke til word-dokumentet som då skal fyllast ut og sendast til NU.


* Om du vil sende lenka til påmeldingsskjemaet til utsendingen slik han/ho kan melde seg på direkte kan du bruke denne: http://goo.gl/forms/6XlsZoF8Hq

All praktisk informasjon om landsmøtehelga er publisert på www.ungdomslag.no/lm, og desse sidene vil bli fortøpande oppdatert.


Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign