Image

Scenerom- kurs i regi og teaterproduksjon

Er du aktiv i eit amatørteaterlag? Vil du bli lære meir om regi? Vil du lære meir om oppgåvene i produksjonsapparatet bak ei teaterframsyning? Hausten 2016 startar vår nye kursrekkje i regi- og produksjonsopplæring opp.

 

Opplæringa Scenerom, kurs i regi og teaterproduksjon består av fire modular, som til saman gjev deg ei brei innføring og går analytisk i djupna på regi og teaterproduksjon. Modulane går i Oslo fylgjande helger: 21.-23. oktober og 11.-13. november 2016, og 13.-15. januar og 10.-12. februar 2017. Kurset passar for deg som har litt teatererfaring og som ynskjer å utvikle deg vidare som instruktør.


Er du interessert? Ta kontakt med Torunn Elise Kveen i Studieforbundet kultur og tradisjon torunn@kulturogtradisjon.no for meir informasjon og for å melde deg på den nye kursrekkja.

Om Scenerom
Ei kursrekkje på fire modular over fire helger.
Scenerom er eit samarbeid mellom Norsk Amatørteaterforbund, Noregs Ungdomslag, Frilynt Norge og Studieforbundet kultur og tradisjon - Teateralliansen. Kursrekkja består av fire modular, til saman skal dette gje deltakarane ei brei og analytisk innføring i regi og teaterproduksjon. Kursrekkja er open for alle som ønskjer å utvikle seg som teaterinstruktørar på det frivillige feltet. Det er ein fordel med grunnleggjande teaterrelatert erfaring, enten på scena, bak eller framom scena. Modulane vil til ein viss grad byggje på kvarandre.

Bakgrunn for opplæringa
Teateralliansen har gjennomført ei kartlegginga i medlemsorganisasjonane og instruktørar knytt til medlemsorganisasjonane om behov og ynskje for fagleg oppdatering innan regi og teaterproduskjon, og vil skreddarsy ei ny instruktøropplæring som svarar til behova og ynskja hjå lag, grupper og instruktørar. Gjennom ei spørjeundersøking fekk vi svar på mellom anna korleis tilgangen på teaterinstruktørar for dei ulike teaterlaga rundt om i Noreg er, kva for kompetanse som er i miljøet, og kva kompetanse miljøet etterspør. I tillegg undersøkte vi om det er ynskje og behov for ei felles opplæring for teaterinstruktørar i form av ei grunnopplæring eller ei vidareutdanning, og ynskje om kva ei slik opplæring skulle inneha. Undersøkinga gav signal om behov både for vidareutdanning og opplæring på grunn-nivå. I fyrste omgang jobbar vi vidare med ei kursrekkje på fire modular, på grunn-nivå, kursrekkja Scenerom.

Scenerom er ei kursrekkje arrangert av Teateralliansen (Studieforbundet kultur og tradisjon, Frilynt Norge, Noregs Ungdomslag og Norsk Amatørteaterforbund).
Image


 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign