Image

Grunnleggande barneinstruktørkurs i Tromsø 9.-11. september 2016

På dette kurset legg me oss heilt på grunnleggande nivå. Ofte er det nemleg slik at vaksne eller ungdomar får som oppgåve å starta med dans for barn sjølv om dei kanskje ikkje har dansa så mykje før eller at det er lenge sidan dei sjølve har dansa. Heldigvis finst det ein del barnedansar og leikar som det likevel går an å læra og læra frå seg ganske kjapt. På dette instruktørkurset vil det og sjølvsagt vera noko å læra for dei som allereie har instruert ein del. Me trur at me kan skapa gode møte mellom heilt ferske og meir erfarne instruktørar på instruktørkursa våre. Det viktigaste er interessa og engasjementet for at barn skal få gode danseopplevingar gjennom folkedans. Kurset passar og for lærarar i barneskulen.


Kurshaldarar denne helga er Anette Figenschou og Siri Strige. Anette og Siri er superinstruktørar frå Bodø, dei er både barneskulelærarar og har lang erfaring som danseinstruktørar i BUL Bodø. 

Kursstad: Fredag, møt opp klokka 19 på Røde Kors huset (Jonas Lies gate 31). Resten av helga er kurset på 
BUL-huset, underetasjen på SAGA Hotell i Tromsø (Richard Withs Plass 4, men inngang fra sjøsida)
 

Pris: 200 kr for medlemer i Noregs Ungdomslag 
        500 kr for dei som ikkje er medlemer i Noregs Ungdomslag 

Lunsj er inkludert laurdag og sundag. Reise og overnatting ordnar deltakarane sjølve. 

Tider:
Fredag: 19.00 - 21.00
Laurdag: 10.00 - 16.00
Sundag: 10.00 - 14.00

Reisestøtte til deltakarar frå Nordland, Troms og Finnmark: Me er så heldige at me får til eit samarbeid med HATS på kurset. Sidan dans er eitt prioritert felt i Den nordnorske kulturavtalen så kan deltakarar frå Nordland, Troms og Finnmark søkja om reisestøtte til kurset. De kan søkja på denne sida: Reisestøtte HATS

Påmeldingsfrist 20. august

Påmelding og betaling på denne sida: Påmelding og betaling barneinstruktørkurs


Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign