Image

Seminarprogram fredag og laurdag

Kan du tenke deg å lære meir om medlemssystemet Hypersys 2.0, som blir lansert no i februar? Eller ønskjer du å drøfte folkedansen eller teatret si rolle i NU? Fredag og laurdag arrangerer vi ulike småkurs og –seminar, som også er opne for andre enn landsmøteutsendingane. Hugs at du må melde deg på dei seminara du ønskjer når du sender inn påmeldinga til landsmøtehelga.

Om du er utsending til landsmøtet, melder du deg på seminara her.

Om du IKKJE er utsending, men ønskjer å delta på seminara, melder du deg på her.

Seminarprogram fredag kl. 17-19: 


Ungdomssamling
Vi samlar landsmøte-deltakarar under 26 år til ein sosial kveld. Målet for kvelden er å bli kjende, utveksle erfaringar, lære noko nytt og ha det kjekt i lag. Samlinga vert leia av representantar frå styret i NU, og vi avsluttar kvelden med å gå på pizza-restaurant. 

Hypersys 2.0
Ein ny og forbetra versjon av medlemssystemet til NU blir lansert i februar. Dette blir eit praktisk kurs i bruk av det nye systemet, med ein presentasjon av kva funksjonar som ligg i denne. Ta med bærbar PC/mac om du vil delta på dette seminaret.

Ein bunad for alle
Den som har ein god nasjonalbunad slepp å renne som ein narr etter nye motar, sa Hulda Garborg og hadde både eit sosialt og eit kulturhistorisk
perspektiv på pionerarbeidet for den norske bunaden. Bunaden er meir populær enn ho nokon gong kunne drømt om, men kva har vi mista på vegen?

Språk i ungdomslaga

Språk, både i skrift og tale, er både kulturarv og viktig for den einskilde sin identitet. I evig endring er både språket og språkpolitikk i
utvikling. Kva rolle spelar målsaka for ungdomslaga i dag?

Seminarprogram laurdag kl. 9-11: 


Korleis bli ein god arrangør
NU vil i løpet av året lansere NU kulturformidling. Dette er ei satsing for å løfte fram ungdomshusa som lokale scener for profesjonell og variert kulturformidling. Ein viktig del av dette er å løfte arrangørkompetansen i lokallaga. Dette blir eit seminar som gir ei grunnleggande innføring i det å vere arrangør. 

Ungdomslaga i framtida
Kva er viktig for lokallaga i Noregs Ungdomslag og kva skal til for at vi som organisasjon skal vere aktuell i framtida? Dette blir eit seminar med innleiing og diskusjon kring organisasjonsutvikling og aktivitetar i lokallaga. 

Kan vi danse saman?
Vi har sagt vi skal vere den leiande folkedansorganisasjonen i Noreg, og har i over 100 år arbeidd for ein nasjonal dansetradisjon så ungdom frå
heile landet kan samlast til felles dans. Kva har skjedd med turdansane, runddansane og anna fellesrepertoar nå som lokal forankring har blitt
stadig viktigare?

Teater i ungdomslaga
Å stå på ei scene, å framføre noko for ein forsamling, har vore viktig både for opplæring og underhaldning i ungdomslaga heilt frå starten. Kva
skil teateret i NU frå anna amatørteaterarbeid i dag? Har vi ein eigen tradisjon på scena og i arbeidet fram mot ei framsyning?
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign